Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Høgenipa – rute 45 – frå Syvde til Høgenipa

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Skitur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

12,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Pause ved Trygesteinen
Nedfart med toppen av Høgenipa i bakgrunnen
Kartutsnitt frå turkartet På tur i Vanylven
Utsikt mot Syvde, Eidså og Fiskå frå toppen av Høgenipa

Høgenipa – rute 45 – frå Syvde til Høgenipa

Kvifor gå denne turen?

Skitur til Høgenipa som med sine 1097 m.o.h. er det tredje høgste fjellet i Vanylven. Høgenipa er, sett frå Syvde og andre av bygdene i Vanylven, ein pyramideforma topp. Høgenipa er eit av dei mest kjende fjella i kommunen. Dette er ein flott tur for dei som ynskjer å gå til topps med skifellar og kunne renne ned igjen utan å møte motbakkar. Frå toppen er det flott utsikt mot nord, vest og sør. Det er fleire alternative ruter til toppen av Høgenipa. Den nordlege ruta med rutenummer 45 er den mest brukte. Til tider kan det vere kaldt og isete det siste stykket opp mot toppen. Den sørlege ruta med rutenummer 45 c har oppstigning på sørsida av toppen, og ofte er det mindre isete der enn i oppstigninga på nordsida av toppen.

Kvar i terrenget går turen?

Avhengig av kor langt ned mot Syvde snøen ligg kan ein enten starte på toppen av bomvegen, eller lenger nede. Midtvinters må ein rekne med å starte heilt nederst på bomvegen.

Bomvegen startar på Landsverk. Ta av mot Nordal eit par hundre meter nord for sentrum i Syvde. Følg dalen og ta av til venstre over ei bru etter 2,3 km. Ta til venstre rett etter brua og køyr 200 meter til starten av bomvegen.

Når ein er komen til den øvre enden av bomvegen går ein i forholdsvis rett linje mot aust, og svingar etter kvart meir søraustover mot toppen.

Kulturminne

Lite synlege kulturminner når det er snø. Mange stoppar ved hytta ved ein stor stein omlag midtvegs på turen. Denne steinen blir kalla Trygesteinen. Det var vanleg å gøyme trugene under denne steinen når ein om våren eller seint på hausten gjekk mellom Syvde i Vanylven og Dravlaus i Dalsfjorden (Volda).

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start bomveg: 82 moh - 32 V 332229 6888464 desimalgrader 62,08738 5,78478
Slutt bomveg: 398 moh - 32 V 332635 6889327 desimalgrader 62,09616 5,79213

Bompengar: Kr 30,-

Kvar endar turen?

Trygesteinen: 653 moh - desimalgrader 62,10343 5,82498
Høgenipa: 1097 moh - 32 V 336299 6888610 desimalgrader 62,04390 5,86407

Kvar kan du parkere?

Parkering på slutten av bomvegen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 12,4
Lengde tur/retur (km) 12,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 160 30
Bratteste helning ned 160 30
Total stigning 1010 meter Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven