Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

0,6 km (tur/retur)

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ved turstart/parkeringsplass
Frodig skog
Snart framme ved Hoksnesfyret
Hoksnesfyret

Hoksnesfyret

Fotograf: Eva Mari S.Gundersen

Kvifor gå denne turen?

Turen til Hoksnesfyret er ein kort og lett tur for heile familien. Stien går gjennom fin skog, og fram til fyret. På berga ved Hoksnesfyret er det mange flotte fiskeplassar. Så hugs fiskestang! Liten kvilebenk ved fyret som ein kan sitte på og nyte matpakken. Flott utsikt mot Jendemsfjellet og Tornes i Fræna kommune.
Startar ein turen tidleg på dag, kan ein sitte ved fyret og nyte ein vakker soloppgang.

Kvar i terrenget går turen?

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Dersom ein kjem kjøyrande med bil, følg skilt frå fergekaia mot Nyhamna. Hoksneskrysset er ca. 2,5 km før ein kjem til Nyhamna. Sjå etter skilt Jermannburet og Hoksnes, og sving til høgre i krysset. Køyr rett fram mot Hoksneset. I neste kryss hald til høgre, og følg vegen ned mot sjøen. Parkering nede ved Hoksnesbukta. Stien startar til høgre for parkeringa. Følg stien som slynger seg gjennom skogen fram til Hoksnesfyret.

Kulturminne

Gravrøys. Registrert steinalderbuplass. Steinbrot som vart nytta ved bygging av Bjørnsund på 1930-talet. Kulturminna skal etterkvart i samarbeid med fylkeskonservator bli skilta med eit informasjonsskilt.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen starter ved parkeringsplass i Hoksnesbukta. Følg skilt mot Nyhamna og Hoksneset.

Kvar endar turen?

Start- og sluttsted for turen er det samme.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved badeplass i Hoksneset. Ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 0,6
Lengde tur/retur (km) 0,6 km (tur/retur)
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 5 5 %
Bratteste helning ned 5 5 %

Offentlig transport

Aukra Auto frå Molde til Hollingsholm og ferga over til Aukra.
Aukra Auto har nokre avgangar til Hoksneset.
http://www.177.no
http://www.aukra.kommune.no

Mobildekning

God dekning