Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Holskarsætra og Daurmålhornet

Om turen

Gradering

Kommune

Hornindal (Sogn og Fjordane)

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

7,0

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her startar turen
Parkering 150-200m aust for start
Holskarsætra
Stidele. Ta av mot Daurmålshornet, over elva
Toppen i sikte

Holskarsætra og Daurmålhornet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Turen går i fin gran- og bjørkeskog, og blant blåbærlyng langs ei elv. Det er flott utsikt frå toppen til heile Hornindalen. Ruta frå Holskarsætra til Daurmålhornet er ein del av fjelløpet "Hornindal rundt". Ruta går langs ei elv. Kanskje finn du deg ein kulp å bade i?

Kvar i terrenget går turen?

Start ved Taraldset, like aust for ei lita bru over Holskarelva. Her er godt skilta mot Holskarsætra, Daurmålhornet og Gulekoppen. Stien er tydeleg og går på austsida av Holskarelva. Det er jamn stigning opp til omlag 600 høgdemeter. Her flatar det ut til Holskarsætra. Du skal over ei lita elv før du kjem bort til sætra. Her er det skilta vidare. Stien er tydeleg, og den fortsetter langs elva. I 730 meters høgde kjem du til eit stidele der det også er tydeleg skilta kvar du skal (Daurmålhornet/Gulekoppen - N61° 58.505' E6° 38.563'). Ta til venstre over ei elv, slik skiltet viser. Stien er no tidvis noko meir utydeleg vidare mot Daurmålhornet, men følg dei kvite merka så finn du vegen. Dei kvite merka markerer ruta til "Hornindal rundt".

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Like vest for Hornindal sentrum tek du av mot Stranda/Sykkylven/Ålesund på FV 60. Etter ca 500 m, like før ein krapp sving, tek du av til Tomasgård. Køyr forbi eit par gardstun og ta så til venstre (726). Køyr vidare ca 4-5 km. Sjå etter turskilt på høgre side av vegen.

Kvar kan du parkere?

Parker ca 150-200 m aust for der stien startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 6
Dårlig sti 1
Lengde tur/retur (km) 7,0
Stigning meter grader
Total stigning 622 Høydemeter

Offentlig transport

Nei