Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Flott utsikt!
Flott helleagd sti opp til Humbersetsætra
Humbersetsætra - stien går vidare mot Hornet mellom sela
Hornet - Her er det turbok som ein kan skrive seg i

Hornet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Første del av turen går på ein flott opparbeid og hellelagd sti frå Humberset til Humbersetsætra. Turen vidare frå Humbersetsætra og til Hornet er ikkje så veldig vanleg. Men i 2014 var dette eit av Volda kommune sine Ti Turmål, og stien har vorte merka og er no god å finne. Likar ein å gå i område der det ikkje er veldig mykje folk, er dette eit godt turval. Hornet gir eit litt annleis utsyn enn det ein elles er van med og det er flott å sjå inn Austefjorden, inn Kilsfjorden, ut Voldsfjorden og mot Sunnmørsalpane.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved grinda på øversida av vegen mellom Rotsethorntunnellen og Hjartåbergtunnellen. Du går først på ein ny "geiteveg". Følg denne. Vegen svingar mot høgre og du er snart inne på stien. Store delar av stien er hellelagd og det er stort sett god raudmerking. Nokre stadar kan du bli lurt av geitestiar. Følg alltid stien som går oppover ved stidele og sjå etter raudmerking. Oppe på Humbersetsetra kan du skrive deg i turboka som er ved sela, men det er finast å ta pausa på sletta framfor sela. Der er det flott utsikt!
Stien går vidare mellom sela. Gå såvidt opp bakken og så til høgre. Det er god sti heilt til du skal til på siste bakken opp mot toppen. Her må du berre sikte deg inn mot toppen og gå oppover i terrenget.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda sentrum følger du E39/RV651 til ei rundkøyring. Her følger du skilting mot Stryn. Køyr gjennom Rotsethorntunnellen. Mellom denne tunnellen og den nye Hjartåbergtunnellen er det ei grind på øversida av vegen. Her startar turen. NB! Lat att grinda etter deg. Det er mange geiter i området. Dei har eigen tunnell under hovudvegen og må ikkje kome ut på vegen!

Kvar kan du parkere?

Ta av mot Hjartåbygda like før Hjartåbergtunnellen. Parkeringsplass like etter avkøyringa

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,5
Natur 0,4
Lengde tur/retur (km) 4,9
Stigning meter grader
Total stigning 625 Høydemeter

Offentlig transport

Buss er mogleg, men går sjeldan
Sjå etter ruter Volda-Stryn på http://www.nettbuss.no/

Kart

Sunnmørsalpane. Nærturkart Volda