Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Hovdenakken frå Halsen

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Hareid

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

4,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot Ulsteinvik
Utsikt mot Hareid
Starten på turen. Godt synleg sti og merkepinnar
Utsikt mot Snipsøyrvatnet og Sunnmørsalpane
Hammarstøylsvatnet
Toppen lengst bak

Hovdenakken frå Halsen

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Fin tur som passar for alle, ikkje minst som familietur eller ein rask trimtur. Turen går i ope lende med god sti og utsynet er flott.

Kvar i terrenget går turen?

Start turen ved parkeringsplassen ved Hammarstøylsvatnet. Stien er svært tydeleg heile vegen og delvis merka. (På andre sida av vegen går stien til Hasundhornet, også eit populært turmål.)
Følg stien over Ramnefjellet og vidare til Hovdenakken. Frå toppen er det merka vidare austover og ned mot Hovden. Går du ned her, får du ein fin overgangstur. Nedstigninga til Hovden er brattare enn ruta frå Fjelle.

Lenka "Sunnmøres små og store fjellturar - Hovdenakken" viser ei anna rute. Denne startar ved eit dyrkafelt litt nærmare Hareidseidet. Ei litt kortareog litt våtare rute, men også eit greit ruteval.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Mellom Hareid og Ulsteinvik (RV61) tek ein av i sørleg retning på Hareidseidet på Ringstaddalen. Køyr oppover på ein litt svingete veg, omlag 3 km

Kvar kan du parkere?

Det er bra plass på parkeringsplassen der turen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,7
Lengde tur/retur (km) 4,7
Stigning meter grader
Total stigning 355 Høydemeter

Offentlig transport

Det går fint å sykle til start