Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Hovdenakken frå Hovden

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Hareid

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Turstart
Godt merka
Gjennom skog først
Fin utsikt undervegs mot golfbana
Utsikt mot Ulsteinvik frå toppen

Hovdenakken frå Hovden

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Ein litt brattare oppgang til Hovdenakken og ei mindre vanleg rute enn den som startar frå andre sida, ved Halsen. Flott utsikt når du kjem opp mot toppen

Kvar i terrenget går turen?

Start ved eit tun på Hovden ved Snipsøyrdalvegen. Det er skilta til Hovdenakken. Turen går først gjennom skog og så vidare oppover ryggen mot toppen av Hovdenakken. Stien er ikkje veldig tydeleg overalt, men det er godt merka så det er lett å finne vegen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

På FV41, ca 3,5 km frå Hareid fergekai, tek du av på Snipsøyrdalvegen. Etter ca 800 m tek du av til høgre, og så vidare ca 600 m til du kjem til eit tun der du finn starten på turen.

Kvar kan du parkere?

Det er godt med plass der turen startar, men høyr gjerne med dei som bur her om du kan parkere

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,1
Dårlig sti 1,4
Lengde tur/retur (km) 3,5
Stigning meter grader
Total stigning 407 Høydemeter

Offentlig transport

Det er mulig å gå eller sykle frå FV 41