Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Humberset-Humbersetsætra-Rotevatnet

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Flott rasteplass ved Humbersetsetra
Daletjørna. Ein idyll!
Utsikt mot Ørstafjell
Humbersetsetra

Humberset-Humbersetsætra-Rotevatnet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Ein fin, variert og lett overgangstur nær Volda sentrum. Turen går på flott hellelagd sti opp til Humbersetsetra. Her er det lagt ned mange arbeidstimar med steinarbeid! Ved Humbersetsetra er det fin utsikt og flott å raste. Vidare mot Rotevatnet går du i stille og fredeleg furuskog. Daletjørna er særleg idyllisk.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved grinda på øversida av vegen mellom Rotsethorntunnellen og Hjartåbergtunnellen. Du går først på ein ny "geiteveg". Følg denne. Vegen svingar mot høgre og du er snart inne på stien. Store delar av stien er hellelagd og det er stort sett god raudmerking. Nokre stadar kan du bli lurt av geitestiar. Følg alltid stien som går oppover ved stidele og sjå etter raudmerking. Oppe på Humbersetsetra kan du skrive deg i turboka som er ved sela, men det er finast å ta pausa på sletta framfor sela. Der er det flott utsikt!
Frå sætra følger du sti vidare vestover. Det er ei bratt, kort kneik før du kjem ned på stien som går mot Rotevatnet. Ved eit tre heng det skilt merka med Rotsethornet og Humbersetsætra. Her skal du følge stien nordover (ta til høgre) oppe i sida langs Daletjørna. Stien er også her raudmerka. Området du er i no er svært vakkert og fredfullt. Ein flott furuskog, eit flott tjern og ingen andre lydar enn det naturen sjølv lagar.
Stien vidare ned mot Rotevatnet er tydeleg og går etterkvart over til å bli ein eldre skogsveg. Følg denne heilt ned til Rotevatnet. Her i frå vel du sjølv vegen heim att.

Dersom du går frå Rotevatnet og til Humberset, følger du skogsveg skilta "Rotsethornet lang rute" heilt til du kjem til eit nytt skilt merka Humbersetsetra.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda sentrum følger du RV651 til ei rundkøyring. Her følger du skilting mot Stryn. Køyr gjennom Rotsethorntunnellen. Mellom denne tunnellen og den nye Hjartåbergtunnellen (som pr. august 2013 er under arbeid) er det ei grind på øversida av vegen. Her startar turen. NB! Lat att grinda etter deg. Det er mange geiter i området. Dei har eigen tunnell under hovudvegen og må ikkje kome ut på vegen!

Kvar endar turen?

Turen endar i austenden av Rotevatnet.

Kvar kan du parkere?

Det går greit å parkere langs vegen som går til bebyggelsen på nedsida av vegen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,9
Lengde tur/retur (km) 4,9
Stigning meter grader
Total stigning 401 Høydemeter

Offentlig transport

Buss er mogleg, men går sjeldan
Sjå etter ruter Volda-Stryn på http://www.nettbuss.no/

Kart

Sunnmørsalpane. Nærturkart for Volda (aug 2013) dekker ein del av turen