Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3

Lengde en vei (km)

1,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Vassliljer på Hundetjønna

Hundetjønna

Kvifor gå denne turen?

Lett fin tur som går delvis etter eit gammalt kulturminne, ei vassoverføringsgrøft frå Hundetjønna til Hollingsbukta. Ved Hundetjønna er det gapahuk og bålplass. Ein sein kveldstur til Hundetjønna er ein spesiell opplevelse. Ofte er det ei trolsk stemning ved at det ligg lett tåke over vatnet. I vatnet veks det mykje vassliljer som blomstrar veldig fint.

Kvar i terrenget går turen?

Kjør ca. 400 m frå krysset til Hollingsholm ferjekai, i retning Jendem. Ta av til høgre og parker på parkeringsplassen. Turen startar frå parkeringsplassen ved riksvegen der gardsvegen til Lauvåsen tek av. Følg gardsvegen 0,7 km opp til der stien til Hundetjønna tek av. Stien går austover og fram til gapahuken ved Hundetjønna. Lett fin tur som går delvis etter eit gammalt kulturminne, ei vassoverføringsgrøft frå Hundetjønna til Hollingsbukta. Ved Hundetjønna er det gapahuk og bålplass. Turen er ca. 1,5 km.

Kulturminne

Hundetjønna var "regulert" oppdemt til eit lite vassmagasin. Vatnet vart ført i ei overføringsgrøft til Hollingen.
Vatnet vart nytta tre gonger til drift av overvasshjul. Frå desse var det snortrekk til trøskemasiner på gardane Lauvåsen, Hollingen og Setra. Dette tok slutt i 1929. Stien til Hundetjønna går dei siste 400 metra etter den gamle overføringsgrøfta. Det er ellers lite som visest att etter kulturminne.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Kjøyr ca. 400 m fra krysset til Hollingsholm ferjekai, i retning Jendem. Ta av til høgre og parker på parkeringsplassen.

Kvar endar turen?

Samme som start stad.

Kvar kan du parkere?

På parkeringsplassen ved riksvegen. Ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1,4
God sti 1,6
Lengde tur/retur (km) 3
Lengde en vei (km) 1,5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 20 27
Bratteste helning ned 20 27
Total stigning 66 Høydemeter

Offentlig transport

Atlantic Auto

Kart

Topografisk kartserie M711 Blad 1220 I Hustad