Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2 km tur/retur

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Grusvegen opp til høgdebassenget
Utsyn mot Fræna kommune
Stien opp til toppen
Utsyn frå høgdebassenget på vei mot Jærmannburet

Jærmannburet

Fotograf: Therese S. Viken

Kvifor gå denne turen?

Jærmannburet ligg 99 m.o.h, og er det høgste punktet på Gossen. Med ei høgd på 99 m.o.h er fjellknausen eit godt synleg landemerke. Turen opp hit er ein lett og fin tur som passer for dei fleste. På toppen av Jærmannburet har du flott utsyn i retning Ormen Lange-anlegget, over heile Gossen og utover mot storhavet i vest.

Kvar i terrenget går turen?

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Dersom ein kjem kjøyrande med bil, følg skilt frå Aukra ferjekai mot Nyhamna/Ormen Lange anlegget. Hoksneskrysset, kor turen startar, er ca. 2,5 km før Nyhamna. Sjå etter skilt Hoksneset/Eikrem/Jærmannburet ved hovudvegen, og sving til høgre i dette krysset. Parker på oppmerka parkeringsplass ved Hoksneskrysset, og følg grusvegen oppover mot toppen. Eit stykke før du kjem til høgdebassenget ser du stien på høgre side som går vidare opp til toppen av Jærmannburet, 99 m.o.h. Turkassen for Stikk UT! finn du på det høgste punktet av Jærmannburet. Turen opp til Jærmannburet er ein lett og fin tur som passer for dei fleste. På toppen av Jermannburet er det flott utsyn i retning Ormen Lange anlegget, heile Gossen og storhavet.
Alternativ rute er frå parkeringsplassen ved Hoksneskrysset og opp til høgdebassenget som ligg 68 moh. Opp dit er det grusa veg, og fin rasteplass med informasjonstavle, benkar og bord.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Gravrøyser og bautasteinar. Restar av ein bautastein på toppen av Jermannburet. Ein bautastein står på kanten av platået mot Jendemstoppen. Gravrøyser inne i furuskogen.
Infomasjonstavla ved høgdebassenget fortel om bautastein, gravrøyser og andre spor etter aktivitet frå førhistorisk tid.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar frå parkeringsplassen ved Hoksneskrysset. Dersom ein kjem kjøyrande med bil frå Aukra ferjekai, følg skilt mot Nyhamna/Ormen Lange anlegget. Hoksneskrysset er ca. 2,5 km før Nyhamna. Sjå etter skilt ved hovudvegen merka Jærmannburet.

Kvar endar turen?

Turen kan også vere ei rundløype. Følg grusa veg opp til høgdebassenget. Frå høgdebassenget kan ein følgje turstien vidare ned ein bratt bakke, og vidare gjennom byggefeltet på asfaltert veg (Jermannvegen). Ved leikeplass og gapahuk, tek ein mot høgre og ned mot hovudvegen. Gang- og sykkelveg (Nerbøvegen) tilbake til Hoksneskrysset og parkeringsplassen. Rundløypa blir ca. 3 km.

Kvar kan du parkere?

Parkering av Hoksneskrysset. Ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,5
Dårlig sti 0,5
Lengde tur/retur (km) 2 km tur/retur
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 40
Bratteste helning ned 50 40
Total stigning 70 Høydemeter

Offentlig transport

Ferje Hollingsholmen - Aukra (rute 31)
http://reise2.fjord1.no/fjord1iisstatictables/tables/ruter/t/15-342.htm

Buss Aukra Auto
http://www.firmanett.no/Customers/aukraauto/documents/BussRuter/Ordinaere_2014.pdf

Mobildekning

God mobildekning