Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Jærmannburet rundt

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Flott utsyn frå Jærmannburet
Fin rasteplass v. turkassen

Jærmannburet rundt

Fotograf: Lene Marita Ræstad

Kvifor gå denne turen?

Turen opp til Jærmannburet er ein lett og fin tur som passer for alle. Frå parkeringsplassen ved Hoksneskrysset kan ein trille barnevogn og rullestol opp til turkassen. Grusa veg. Flott utsyn mot Ormen Lange anlegget og Fræna kommune frå toppen.
Fin rasteplass med benker og bord der turkassen er plassert. Infotavle.

Kvar i terrenget går turen?

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Turen startar frå parkeingsplassen v. Hoksneskrysset. Dersom ein kjem kjøyrande med bil, følg skilt mot Nyhamna. Hoksneskrysset er ca. 2,5 km før Nyhamna. Sjå etter skilt Jærmannburet og sving til høgre. Parker ved Hoksneskrysset og følg grusvegen oppover. Eit stykke før du kjem til høgdebassenget ser du stien på høgre side som går vidare opp til toppen av Jærmannburet, 99 m.o.h.. Til venstre for høgdebassenget er det ein rasteplass der turboka er plassert. Turen opp til Jærmannburet er ein lett og fin tur som passer for alle. Frå parkeringsplassen ved Hoksneskrysset kan ein trille barnevogn og rullestol opp til turkassen. Grusa veg. Flott utsyn mot Ormen Lange anlegget og Fræna kommune frå toppen. Fin rasteplass med benkar og bord der turkassen er plassert. Infotavle.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Gravrøyser og bautasteinar. Restar av ein stein på toppen av Jermannmannburet. Ein stein står på kanten av platået mot Jendemstoppen. Gravrøyser inne i furuskogen.

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Kvar startar turen?

Turen kan f.eks starte frå parkeingsplassen v. Hoksneskrysset. Dersom ein kjem kjøyrande med bil, følg skilt mot Nyhamna. Hoksneskrysset er ca. 2,5 km før Nyhamna.

Kvar endar turen?

Turen kan også vere ei rundløype. Frå Stikk UT! posten kan ein følgje turstien vidare ned ein ganske bratt bakke, og vidare gjennom byggefelt på asfaltert veg. Ved leikeplass og gapahuk, tek ein mot høgre og ned mot hovudvegen. Gang- og sykkelveg tilbake til Hoksneskrysset og parkeringsplassen.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Hoksneskrysset. Ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,7
Lengde tur/retur (km) 2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 25 + 50 25
Bratteste helning ned 25+50 25
Total stigning 68 Høydemeter

Offentlig transport

Aukra Auto frå Molde til Hollingsholm og ferga over
http://www.aukra.kommune.no