Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sula

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

7

Lengde en vei (km)

3,5 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Kalvestad

Kvifor gå denne turen?

Kalvestad er fråflytta gard og eitt av stoppa på kulturminneløypa i kulturlandskapet Kjellingset-Flesje-Kalvestad. Turen er skilta og startar ytst på Sula.

Kvar i terrenget går turen?

Dei første 1,5 km går på skogsveg, til Flesje. Stien går vidare ut i myrlendt terrenget. I dei verste områda er det lagt ned vandringar, men gode fjellsko anbefales til turen.

Kulturminne

Kulturlandskapet Kjellingset-Flesje-Kalvestad vest forbi Langevåg er eit større kulturlandskap med mange fornminne. På den smale strandlina ligg mange hustufter og gravrøyser. Dei synlege tuftane er frå middelalderen, men funn av leirskår fortel at det har stått hus på same staden i folkevandringstida (400-600 e.Kr.).

I nyare tid var her tre gardsbruk og du finn murar litt lenger aust. Her er og mange rydningsrøyser og mest sannsynleg også fleire gravrøyser.

Kulturlandskapet har i fleire år vorte held i hevd av villsau, såkalla utegangarar.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Utgangspunkt frå P-plassen ved enden av Sandviksvegen – så langt du kjem med bil i Langevåg.

Kvar endar turen?

Kalvestad - hustuft på terrassen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 3
God sti 4
Lengde tur/retur (km) 7
Lengde en vei (km) 3,5 km
Stigning meter grader
Total stigning 0 Høydemeter

Offentlig transport

Buss til sentrum i Langevåg og gå utover til Molvær og Sandvika. Følgje bilvegen så langt ein kjem ytst på Sula.

Mobildekning

god dekning