Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Skitur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

7

Lengde en vei (km)

3,46

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Siste del av eggen under toppen. Fenomenal utsikt mot Kjøvdalen med Kyrkjetaket og Klauva.
Hærleg nedrenning ! Vi ser rett ned mot Rv 660  og parkeringsplassen
Utsikt frå toppen mot Eresfjord med Kanndalen, Skjorta, Goksøyra.
Vi er rett under toppen og ser utover Håndedalen med Sjøvdøla og Gjuratind i bakgrunnen.

Kalvgjeltind

Kvifor gå denne turen?

Vistdal/Eresfjord : Fin skitur med jamn stigning meir eller mindre rett til topps, 1279 moh. Panoramautstikt fra toppen som du neppe vil gløyme. Ned igjen kan du nyte pudderføre i om lag 850 meters fall !
Siste del i åpen bjørkaskog.

Kvar i terrenget går turen?

Etter parkering ved RV 660 ca 400 moh øverst i Vistdalen, tar du på skia og følgjer setervegen (passer bommen) framover Håndedalen . Etter ca 850 meter ser du 2 gamle seterbuer på andre sia av elva. Det er Haustengsetra og rett nedom der ser du brua som du skal over.
Derfor tar du av frå setervegen og ned mot elva.
Passer mellom seterbuene og følg skogen meir eller mindre rett opp. Etter passering av skoggrensa, unngå å halde til venstre inn under den store botnen oppunder Kalvgjeltinden. Her kan det vere rasutsatt. Det er tryggare å følgje den meir avblåste ryggformasjonen på høgre side. Siste del mot toppen blir det både brattare og smalare. Kan hende må du ta skia på ryggen om det er hardt og isete. Alternativt kan du sette igjen skia her.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Det er hipp som happ om du kjem via Vistdal eller Eresfjord . Du startar frå Fv 660 øverst i Vistdalen, rett ovom den siste skarpe svingen der det er ein liten parkerinsgplass. Kalvgjeltinden er den skarpe toppen rett opp på andre sia av elva.

Kvar endar turen?

Alternativ til å følgje setervegen framover Håndedalen er å krysse elva rett nedom parkeringsplassen. Og ta skogen rett opp derifrå . Det er stort sett berre når elva er frosen eller det er veldig mykje snø, at det er muleg å krysse elva.
Frå toppen av Kalvgjeltinden er det heller ikkje langt til Vasstindbu. Ein avstikkar dit er ikkje å forakte !

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 0
Ikke preparerte løyper 0
Lengde tur/retur (km) 7
Lengde en vei (km) 3,46
Stigning meter grader
Total stigning 902 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

M711 1320 II Eresfjord