Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Keipen og Litledalstinden

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

8,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ta av her og følg sti på venstre side av elva eit stykke
Her startar turen
Ta av frå hovudstien like etter at du kryssar elva for 2.gong
Ta til høgre like bak steinen
Alternativ start: Heimste Holen
Tilbakeblikk på Keipen

Keipen og Litledalstinden

Fotograf: ruba

Kvifor gå denne turen?

Ein av mange flotte turar i Bondalen! Variert med nokre slakke parti, nokre brattare parti, og litt småklyving, men ikkje utsett. Flott utsikt på det meste av turen.
Denne ruta har same start som Thereseråsa, så hjerte, fine steinar og skogstroll viser veg første del av turen

Kvar i terrenget går turen?

Første delen av denne ruta går i Thereseråsa. I 300 meters høgde (N62° 12.510' E6° 25.580') skal du ta av på sti langs elva. Du finn ein stein med påskrift Nøvedalen, og det er raude merke langs stien. Etterkvart skal du krysse elva (325 moh - N62° 12.562' E6° 25.456'). Det er godt merka og stien er tydeleg vidare. Du møter stien frå Heimste Holen i 370 meters høgde (N62° 12.633' E6° 25.413'). Gå vidare på tydeleg sti til du igjen kryssar elva (600 moh). Like etter at du har kryssa elva deler stien seg (N62° 13.100' E6° 25.008'). Du skal ta av til høgre på ein litt mindre tydeleg sti enn den som går vidare framover dalen. Det er merka med ein liten varde.Ganske snart ser du ein høg varde oppå ein stein. Ta til høgre rett etter steinen på ein utydeleg sti. Den blir tydelegare når du kjem oppå ein rygg, og den er lett å finne heile vegen opp til Keipen, delvis merka med vardar. Ta deg tid til å stoppe på Keipen (971 moh). Det er flott utsikt her! Om du vil, kan du la dette vere dagens turmål, eller du kan gå vidare til Litledalshornet som du ser lenger oppe. Det er ca 300 høgdemeter dit. Det er tydeleg trakk vidare så det er lett å finne ei god rute. Nokre vil nok synest at det er litt meir krevande/utsett, og det er også litt enkle klyving. Men det er ingen spesielt utsette parti/punkt så dei fleste vil nok synest at det er greit å gå hit.

Alternativ start, og minst like vanleg, er start frå Heimste Holen. Det er godt skilta.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Ørsta følger du FV655 mot Sæbø. Omlag 2 km før du kjem til Sæbø, tek du av opp Holebrauta. Følg Holebrauta fordi Holen sandtak (du skal ha sandtaket på di høgre side). Sjå etter skilt "Thereseråsa" og følg grusvegen rett opp. Du kan køyre vegen til endes; det er bra med parkeringsplassar der turen startar.

Alterantiv start frå Heimste Holen: Ta første veg til høgre etter at du har tatt av frå FV655 (Gamle bondalsvegen). Du ser straks Heimste Holen og skilt til Standalseidet og Litledalen. Du skal opp her .

Kvar kan du parkere?

Godt med parkeringsplass der turen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 8
Dårlig sti 0,6
Lengde tur/retur (km) 8,6
Stigning meter grader
Total stigning 1134 Høydemeter

Offentlig transport

Buss til/frå Sæbø. Gå til start frå FV655
http://www.frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane