Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Keipen på Skorpa

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4.6 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Tur start frå det kvite huset til v på bildet,ein går så opp bratta til kjerreveg

Keipen på Skorpa

Fotograf: Øystein Nerland

Kvifor gå denne turen?

Å besøkje Skorpa er meir eksklusivt enn å få audiens hjå Kongen. Ein kjem seg til Skorpa kun med båt og når været tillet det. Ver obs på flo og fjøre i innseglinga då den har fleire småskjer. På Skorpa kan du oppleve ville fjellgeiter viss du er heldig, eller gå fjøra til Vårfjøsen i Skorpesundet som vart brukt til skjulestad for mange under krigen. Vårfjøsen er restaurert av Rotary. Flott fjelltur med nydeleg utsikt mot Stadt og Sunnmørsfjella. Toppen er 431 m.o.h. Øya vart fråflytta ca 1970, og der er no kun fritidsbustader.

Kvar i terrenget går turen?

Etter siste huset i busetnaden tek ein til høgre og følger sti gjennom steingard. Følg steinmura sti videre mot vest. Oppe på fjellryggen følgjer du stien videre mot aust til toppen. På toppen har ein nydeleg utsikt mot Nerlandsøya, Svinøya, Stadt og innover mot Sunnmørsfjella. Det er også å anbefale å ta turen til Skorpesundet for å sjå vårfjøsen som er restaurert av Herøy Rotary. Mykje krisgshistorie knytter seg til denne staden. Der er informasjon om krigen inne i vårfjøsen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar endar turen?

Keipen på Skorpa 431 m.o.h

Kvar kan du parkere?

Ein kjem seg kun til øya med båt. Ver obs på flo og fjøre, då der er mange skjær i innseglinga

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti Ja
Lengde tur/retur (km) 4.6 km
Stigning meter grader
Total stigning 431 m Høydemeter