Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

1,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Råsa går i tett skog heilt opp til toppen på Kleppeåsen.
Utsikt mot nordvest, Røddalshornet til venstre, Rjåhornet til høgre. Langåsen, Feirelia og Leikongbakken midt i bildet.
Utsikt mot sørvest. Laupsnipa til venstre, Vasshornet i midten, Gyrinakken og Aurvollegga til høgre.
Utsikt mot nordaust. Budaneset og Myrvåg til venstre, Hasundhornet og Garnestua i midten, Blåtinden til høgre.
Leikong og Leikongvika.
Utsikt mot nord, Leikong midt i bildet, Rjåhornet til venstre, Huldrehornet til høgre.

Kleppeåsen

Kvifor gå denne turen?

Kleppeåsen er ein skogstopp med god utsikt over Leikongvika og Leikongbygda. Gurskøy IL har trimpost på toppen.

Kvar i terrenget går turen?

Frå vegkrysset går du ca 30 m etter vegen mot aust, råsa startar midt i svingen og går i tett skog mot nordaust opp til toppen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå fv 61 i vegkryss austapå Leikong kyrkje skilta mot Voldnes, køyr Jøsokvegen ca 1,3 km og ta til høgre og køyr ca 600 m til vegkryss mot Kleppefurene og parker her.

Kvar kan du parkere?

Plass til 2-3 bilar ved vegkanten. Dersom her ikkje er plass er der ein stor parkeringsplass ved skulen/grendahuset 250 m lenger nede.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 1,2
Lengde tur/retur (km) 1,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 20 25
Bratteste helning ned 20 25
Total stigning 100 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 II, norgeskart.no