Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Skitur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

7,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Klovset i vinterdrakt
Utsikt frå Klovset mot Tafjorden

Klovset

Kvifor gå denne turen?

Flott skitur frå Lingås til Klovset der det er god utsikt innover Tafjorden, over mot Dalsbygda og Eidsdal og oppover Valldalen. Det er også vidt syn mot fjella som omkransar fjorden og dalane. Dersom forholda tilllet det, kan ein tur midtvinters vere ei stor oppleving. Sola står lavt og dette kan gje eit stemningsfullt lys over fjella og fjorden. Truleg er det spor etter både småvilt og større dyr og det er ikkje umogeleg at viltet også kan vise seg.

Kvar i terrenget går turen?

Skituren går etter setervegen frå parkering i Lingås og følgjer denne vegen heilt til Klovset. Det er skilt merka Klovset ved parkeringsplassen. Vegen er tydeleg også på vinterstid. Stigninga er stort sett jamn med nokre korte bratte kneiker og nokre litt slakkare parti. Det er ingen spesielt vanskelege delar på veg oppover. Retur må skje på same vegen og det kan på nokre få plassar kanskje vere litt utfordrande. Det er ingen mulegheiter å renne ved sida av vegen. Det kan vere ein fordel å bruke litt godt utstyr med fellar.
Breidda setervegen er 2-2,5 m. Den er ikkje preparert med løypemaskin eller snøscooter. Det kan i periodar vere driftskøyring med traktor på enkelte parti. Forholda for skigåing er best i perioden desember - februar.

Kvar startar turen?

Startpunkt er øverste garden i Lingåsen som ligg omlag 225 m.o.h. med utsikt over Valldal. For å kome dit bør det brukast privatbil. Det er kommunal veg omlag 3 km frå Valldal sentrum. Ta av i kryss like vest for Muritunet, skilting mot Lingås. Følg deretter kommunevegen, asfaltert med unntak av siste 500 m, som slyngar seg oppover lia til enden av vegen. Her er det ein mindre parkeringsplass (ikkje i gardstunet).

Kvar endar turen?

Turen endar på Klovset 550 m.o.h. På vinteren er det ikkje mogeleg å gå ei anna rute tilbake slik at same vegen må brukast også tilbake til Lingås

Kvar kan du parkere?

Parkering i Lingås ved enden av kommunevegen. Litt forbi raud driftsbygning på venstre side. Ikkje parker i gardstun utan å ta kontakt med eigar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 7,5
Lengde tur/retur (km) 7,5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 150 17
Bratteste helning ned 150 17
Total stigning 225 Høydemeter

Offentlig transport

På vinteren er det bussamband mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.fjord1.no
Det vil vere mogeleg å gå frå Valldal sentrum og opp til Lingås. Dette vil ta ein knapp time ekstra i høve til å køyre bil når ein må bere skiutstyr.
Det er også mogeleg å bruke taxi. Ta kontakt med Valldal Drosjesentral i Valldal sentrum.

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Spesielle forhold

Klovset er ein seterstøl med fleire gamle sel og nyare hytter. Den vart brukt av gardane på Linge og i Lingåsen som seter og det er desse gardanen som framleis har eigedommar her. Det er også spor etter ei gamal taubane som gjekk frå Linge og opp til Klovset. Den vart brukt til å frakte varer både opp og ned.

Kart

Turkart for Norddal kommune, Topografisk kart Valldal Kart 1319 IV