Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På stien mot vatnet
Stigen
Kvivsdalsvatnet
Utsyn frå Kvivsdalsvatnet

Kvivsvatnet

Fotograf: BeKo/Pel

Kvifor gå denne turen?

No kan ein køyre frå Kalvatn til Grodås på 6 minutt med bil i Kvivstunnelen. Men frå gamalt av nytta Austefjordingar og Honndølar stien over Kvivsskaret når dei skulle vitje kvarandre til arbeid eller fest. Turen opp til Kvivsvatnet er første del av den 6 km lange stien over Kvivsskaret, og det er denne som er omtalt her.

Kvar i terrenget går turen?

Frå Kvivssetra held du deg på austsida av dyrkamarka innover dalen. Litt bratt opp Stigen, og det flatar ut mot Kvivsvatnet. Du har då nådd målet for denne turen. (Om du vil gå lenger går stien på sørsida av vatnet mellom svaknausar opp mot skaret)

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå det nye vegkrysset på Kalvatn tek du av mot Bjørke til Bueide. Derifrå på god jordbruksveg (bomveg) oppgjennom den raserte fjellsida til Kvivsdalssetra, der det til vanleg er full drift i gjeitefjøsen. Geitene er lite føreseielege, så pass på utstyret....

Kvar endar turen?

Kvivsvatnet

Kvar kan du parkere?

Kvivsdalssetra

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,8
Lengde tur/retur (km) 4,8
Stigning meter grader
Total stigning 625 Høydemeter

Kart

Sunnmørsalpane