Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Lisjerøfsdalen- rute 52

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2,6

Lengde en vei (km)

1,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ved vegenden er det godt skilta til ulike turmål.
Fiskelukke i Lisjerøfsdalen.
Idylliske Lisjerøfsdalen

Lisjerøfsdalen- rute 52

Kvifor gå denne turen?

Familietur i lett terreng til det som i bygdeboka for Syvde kallast ”perla i dalen. Lisjerøfsdalen er omkransa av Jolehornet og Lisjerøfsdalsnipa og er ein lun plass, spesielt når nordavinden gjer livet surt heime i bygda. Ved vatnet er det bålplass og fin grasslette for telting. Du kan fiske fritt i elva og vatnet. I murane til Urhellom er det også lunt å sitte viss du for eksempel vil grille pølser. Ein tur til Lisjerøfsdalen er ofte starten på ein lenger tur som til Joledalen og Lisjeblæja, eller opp Ågotskaret til Lisjrøfsdalsnipa.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen i Lundagjerde går eit godt synleg og merka rås vidare innover dalen. Råsa går med litt varierande stigning, omkransa av lav bjørkeskog. Når du er komen opp på Reset som er høgaste punktet, vider dalen seg ut og det er flatt innover til Lisjerøfsdalsvatnet. Her kan det vere litt myrete og våtsamt, men Syvde idrettslag har lagt ut flakar på dei våtaste partia. Rute 52 fortsett vidare frå Lisjerøfsdalen til Joledalen og Lisjeblæja. (Sjå beskrivelsen “Lisjeblæja- Rute 52)

Kulturminne

Om lag hundrede meter frå vegenden, etter at du har kryssa ei lita elv ligg Innste Lundahaugen på venstre side. Etter gamal tru var det her huldra budde og haugen vart kalla Huldrehaugen i daglegtale. I Lisjerøfsdalen har Syvde idrettslag ein fjellpost, og den er plassert ved murane til “Urhellom”. Her sto ei hytte som vart oppført under andre verdskrig. Hytta vart seinare sprengd i lufta med store mengder dynamitt. Kålå (ein lampe) vart funnen at heim på Reset.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Sørdal. Ved Smedbøen svingar fylkesvegen mot høgre og du fortsett rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for bompengar til Myklebust sameige. Røfsdalen er eit fint utgangspunkt for korte og lengre fjellturar, og det er tilrettelagt for parkering på Røfsdalsætra og i Lundagjerde. Frå Røfsdalsætra er det 3 km til parkeringsplassen i Lundagjerde.

Kvar kan du parkere?

Du kan parkere på parkeringsplassen eller på grassletta i Lundagjerde

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 1,8
Myr 0,8
Lengde tur/retur (km) 2,6
Lengde en vei (km) 1,3
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 20
Total stigning 120 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven