Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde en vei (km)

3,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Du må passere noen åpne skredparti.
Her på Ljøsåbotnsetra var setring fram til 1922. Tilsaman var det 4 bygningar her.
Gjetarbua med Litjskjorta ruvande bak.
Utsyn mot Sjøvdøla (tv.) Nebba, Røndølskaret og Kvitfjellet.
Noen stader kan du gå litt utanom stien for å få enda betre utsikt.
Fenoemal utsikt sørover Eikesdalsvatnet og dei mektige fjella rundt. Vikesaksa tv er 1809 moh.

Ljøsåbotn

Fotograf: Bjørn Magne Øverås

Kvifor gå denne turen?

Turen opp denne sørvendte lia gjev ei fenomenal utsikt over Eikesdalsvatnet. Du passerer ein nedlagt gamal seterstøl. Først går du i gamal furskog. Deretter i lauvskog og ender oppe på snaufjellet, ved ei lita gjetarhytte 740 moh.

Kvar i terrenget går turen?

Du starter frå Eikesdalsvegen, FV 191 og følgjer den ordinære merka turiststien. Den er skilta med Brandstad. Denne sørvendte lia heiter Storlia. Først går du i furuskog som etter kvart går over i lauvskog. Noen partier går stien rett opp og er forholdsvis bratt. Du må krysse over eit åpent skredparti med ein bekk som kjem ned over noen sva og bergkansuer. Deretter over eit anna skredparti med stein og sand. Så går stien litt flatare i terrenget før den stig opp mot det gamle opne stølsområdet som heiter Ljåsåbotnsetra. Her er det berre noen gamle steinmurar som står att. No er du snart over tregrensa og følgjer stien i litt flatare terreng fram til den vesle gjetarhytta. Her er posten og kassa.

Kulturminne

Denne stien er ein av tre gamle ferdselsårer opp Storlia. Tidligare fulgte turistien over til Ljøsåbotn og Brandstad i Øksendal ei linje høgare oppe i lia. Etter at Eikesdalsvegen vart åpna 1990 vart stien lagt om og går derfor i dag nærmare elva Ljøsåna.
Det var tre gardar på Øverås i Eresfjord som hadde seter på Ljøsåbotnsetra. Det var tilsaman 4 bygningar her oppe. To budeier kunne ha ansvaret for om lag 20 kyr. Her vart det koka både ost, møsbrøm og søtost. Men det var ikkje kinna smør. Rømmen vart bært ned i tredalar, som regel ein gong i veka. Siste biten frå Kvennahjellan og til Øverås rodde dei.
Etter det store raset i Storlia i 1922-23 vart det slutt på setringa.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr til Eresfjord og til den gamle ferjekaia ved Eikesdalsvatnet på Øverås. Derifrå følgjer du Eikesdalsvegen, Fv 191, ca 1,5 km til Kvennahjellan. Her kan du parkere. Stien startar ca 100 meter lenger sør. Det er skilta.

Kvar endar turen?

Om du vil kan du fortsette stien opp til vatna i Ljøsåbotn.
Eit anna alternativ til rundtur er å gå oppover til Kvidalsskaret, på vestsida av Litjskjorta, for deretter å følgje dalen utover og mellom Skjorta og Goksøyra og utover til Ufsalen og ned til Eresfjord.

Kvar kan du parkere?

Du kan også parkere ved avkøyrsla ved rasoverbygget.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde en vei (km) 3,2
Stigning meter grader
Total stigning 740 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Kart

Norge-serien 10078 Sunndalsøra