Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Hareid
Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

5,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Passer skilt til Flåna/Garnestua og ta veg til høgre
Her kan du ta til venstre eller følge vegen litt til før du tek av
På Langheida
Flott utsikt - mot Hareid/Hjørungavåg
Fint i solnedgang
Toppen i solnedgang

Løkeberget

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Ein av mange fine turar på Hareidlandet. Her er det flott utsyn og det er tydeleg sti og lett å finne fram.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved Løset. Når du kjem frå Haddal skal du passere skilt mot Flåna og Garnestua før du tek av på veg som går til høgre inn til nokre hytter. Det er mulig du ser eit eldre Løkeberget-skilt her. Etter omlag 100m står det eit nytt Løkeberget-skilt. Du kan enten følge dette eller gå vegen omlag 100 m til og ta til venstre på ein grasdekt veg. Når du kjem inn på stien følger du denne heilt til topps. Han er tydeleg og godt merka. Gjennom skogen er det ein del våte parti, men når du har komt opp på Langheida er det tørt og fint resten av vegen. Ruta går skrått opp sida til Løkeberget. I ca 500 m høgde (N62° 18.946' E5° 56.796') dreiar stien skarpt vestover og vidare til topps. Følg merking, så finn du sikker rute til topps. Fin varde og utsyn på toppen

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Enten du kjem frå Volda/Ørsta eller Ulsteinvik på FV653: Ta av til Haddal og følg Haddalvegen til du ser skilt til Ringstaddalen. Køyr denne ca 4 km. Her kjem du til eit hytteområde akkurat der vegen svingar NV vidare mot Fjelle.

Kvar kan du parkere?

Det er godt med plass til å parkere i området ved start

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 5,5
Lengde tur/retur (km) 5,5
Stigning meter grader
Total stigning 405 Høydemeter

Kart

norgeskart.no