Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Skitur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

10,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På Kviteberget, Liasetra i solskinet.
Måneskin over Trolltinden og Ystetinden i Vestnes.
Svartløken
Liasetra

Løklia

Kvifor gå denne turen?

Turen går i oppkøyrde skispor i lett turterreng. Løypa går delvis i kulturlandskap, etter setrvegar og delvis over myrar. Du passerer gran og furuskog og etterkvart opnare lauvskog. Området er ein del av det varig verna området langs Solnørvassdraget. Løypa er også ein del av det store løypenettet rundt Svartløken. Dette har tilkomst frå Fylling i Skodje kommune og Tomrefjorden i Vestnes kommune.

Kvar i terrenget går turen?

Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen, 406 m.o.h. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca 1km, er resten av turen om lag flat . Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra.
Du kan halde fram vidare på denne turen, først i nordleg retning til du ser Mevatnet på venstre sida. Så svingar løypa i retning nord-nordaust i slakk motbakke. Når du kjem til eit kryss skal du halde til høgre, inn på Løklivegen og eit flatt parti. Etterkvart ser du tunet på Svartløken og når det er passert, startar bakkane som fører vidare opp til Ørskogfjellet. Skiløypa deler seg snart igjen, du skal framleis halde til høgre og oppe i lia på høgre side av løypa finnst restane av ein gamal hoppbakke, Løklibakken, der det vart arrangert NM i hopp i 1967. Etter km. er du ved enden av løypa og ser Fjellstova på Ørskogfjellet.

Kulturminne

Liasætra 200 m.o.h.

Det er 4 hovudbruk og 4 småbruk på Lid som har sætrerett på Liasætra. Vegen som vart bygt i 1930 åra er halden i god stand. Husa er og godt vedlikehaldne. Det vert hausta gras her kvar sommar og skikken med sætrehelg ved olsok lever vidare.

I tidlegare tider var det også slått her og i tillegg laga dei lauvkjerv. Etter ein gammal tradisjon henta dei høyet heim på sledeføre 3. juledag. Dette skriv Gerhard Lid i Ørskog Historielag sitt årsskrift for 1997. Han fortel elles at dei gamle viste stor respekt for sætra og busetnaden der: «Kom dei til sæters om hausten etter at budeiene var flytta heim, måtte dei oppføre seg deretter. Før dei gjekk inn i selet måtte det kremtast og trampast godt i tropphella. Når døra var låst opp, tok ein av seg luva og helsa -god dag- god dag. Dei underjordiske flytta nemleg inn etter at sætringa var over, så ein måtte ikkje kome uventa på dei. Gjorde ein seg til uvens med desse maktene, ville det straffe seg på buskap og avdrott.»

Før det var veg på sætra, bar sætretausene mjølk og mjølkeprodukt ned til Akslevollvatnet til sætrestøa. Så rodde dei til sørenden av vatnet. Derifrå vart mjølka boren heim eller til meieriet ved Meieribrua.




Svartløken – Gard, sæter og «hotell»

Historia til Svartløken er lang og komplisert og grundig omtalt i bygdeboka «Ørskog gjennom tidene» og i ein artikkel i Øskog Historielag sitt årsskrift frå 1997 skriven av Lars Tøsse.

Svartløken er både ein gammal gard og ei sæter som har hatt mange eigarar opp gjennom tidene. Garden og seinare sætra har mellom anna vore krongods, eigd av Giskegodset, av Abelset-ætta, av prestar og av gardbrukarar frå Ørskog.

Namnet Svartløken er med i ei offentleg namneregistrering i 1606. I jordbruksstatistikken frå 1658 er garden registreret med 2 bruk og av dyr er det oppført 2 hestar, 20 kyr, 18 sauer og 8 geiter. (Ørskog Historielag: Årsskrift 1997)

Mange gardsbruk i Ørskog har nytta Svartløken som sæter. Eit av dei er garden Storvik som i slutten av 1920 åra fekk oppført Løkstova, også kalla hotellet, på Svartløken. Her var det 5 utleigerom. Løkstova var open i sommarsesongen og i påskehelgane og drifta heldt fram til 1938/39. Eigaren, Peter Storvik, fekk og lagt inn telefon på Løkstova. Linja gjekk frå Liasætra. Vidare vart det starta produksjon av geitost i «Hotellkjellaren».

I helgane vart det arrangert dans og tilstelling på Løkstova i den perioden det var drift her. Folk kom frå nærliggande sætrar, også frå Romsdalssida og frå hyttene i området. Seinare vart Løkstova utleigt til Ålesund Røde Kors i over 30 år.

Løkstova står framleis og er det største huset på tunet på Svartløken.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog Samfunnshus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta.

Kvar endar turen?

Turen sluttar ved Fjellstova på Ørskogfjellet, her er det også god parkeringsplass. P-avgift.
Her kan du ta bussen, td Timeekspressen tilbake til Sjøholt sentrum
Alternativat kan du gå tilbake same vegen. Og turen kan du sjølvsagt like gjerne gå motsett veg.

Kvar kan du parkere?

Startar du frå Brauta, ligg der ein liten parkeringsplass som du kan nytte, eller som oftast må du parkere langs vegen. Inga P-avgift.
Startar du frå Ørskogfjellet, finn du stor parkeringsplass ved Fjellstova. P-avgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 11,6
Lengde tur/retur (km) 10,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 7
Bratteste helning ned 50 6
Total stigning 300 Høydemeter

Offentlig transport

Til og frå Fjellstova på Ørskogfjellet kan du ta buss, t.d. Timeekspressen mellom Ålesund og Molde.

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.