Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

12

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Skilt ved start
Sikt deg inn mot varden i himmelsjå
Fint å gå på ryggane på sørsida av vatnet
Sikt deg inn på denne varden
Toppen i sikte
Flott utsikt frå toppen

Matøskja

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Matøskja er eit flott turmål både til fots og på ski. Her finn du omtale av fotruta. Ein tur i variert terreng og med flott utsikt både undervegs og på toppen

Kvar i terrenget går turen?

Start i enden av parkeringsplassen/bomvegen. Du finn skilt til Matøskja. Gå mot ei hytte oppe i lia, til høgre (mot nord). LIke etter hytta deler stien seg, 470 moh (N62° 04.072' E6° 10.826'). Du skal halde til venstre over ei lita myr og sikte deg inn mot ein varde som du ser eit stykke ovanfor deg. Stien går ikkje heilt opp til varden, men passerer i lia nedanfor varden. Like før Grøndalsvatnet, 690 moh (N62° 03.844' E6° 10.110'), deler stien seg på nytt og du skal igjen ta til venstre opp over knausane på sørsida av vatnet. Følg stien vidare. Det er stort sett lett å finne stien; nokre eldre raude merke og varding hjelper deg. Når du nærmar deg ura, kan du sikte deg inn mot ein varde i himmelsjå, dreie sørover etter denne varden og sikte deg inn mot ein ny varde. No ser du toppen som er lett å kjenne att med alle vardane på toppen. Følg ryggen bortover til sjølve oppstiginga til toppen, då unngår du ura og det er lett å gå her. Du finn enklaste oppstiginga til toppen dersom du held deg godt i sørsida. Sjå etter svakt trakk og nokre vardar. Du finn då eit trakk som går i en gras-/grusbakke og unngår ura. På toppen finn du ei sikteskive med namn på toppar du har utsyn til.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda køyrer du E39 retning Stryn, omlag 20 km. Etter Fyrdsbergtunnelen tek du av på 651, Fyrdsbergvegen. Her er også skilta mot Paddeplassen. Den store paddefiguren er verdt eit besøk i seg sjølv. Følg 651 til du kjem til Høydal, køyr forbi bebyggelsen til du kjem til ein veg (Ytre Høydal) som går nesten 180 grader på FV651. Køyr oppover til siste garden. På nedsida av løa går bomvegen opp til Lauvhaugen. Bompengar kr.50 (2017)

Kvar kan du parkere?

Det er plass til ein del bilar i enden av bomvegen eller langs vegen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 9
Dårlig sti 3
Lengde tur/retur (km) 12
Stigning meter grader
Total stigning 1060 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Du finn turomtale i "Fotturar på Sunnmøre"

Kart

Sunnmørsalpane