Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Melshorn frå Melssetra

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5,4km

Lengde en vei (km)

2.7km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Melshorn frå Melssetra

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein nokså lett fjelltur med vid rundskue over Sunnmørsfjell, Ørstafjorden, fjella utover øyane innover sunnmørsalpane og fjella mot Nordfjord.

Kvar i terrenget går turen?

Frå Melssetra er det merka sti. I byrjinga over ein del våte parti. ein normal sommar vil ein kunne finne vatn eit par stadar før ein når toppen. Når ein kjem høgare opp går stien heilt ute på kanten mot Ørsta, og litt luftig utsikt eit par plassar. Her er det også tørt i terrenget, med lyng og berg. Frå toppen kan ein gå alternative ruter ned. Mot Volda eller til Rystefeltet i Ørsta. Sjå: https://mrfylke.no/Morotur/Turar/OErsta-Volda-via-Melshornet .

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Til Melssetra kan ein gå på veg frå Melsvegen opp Melsfjellvegen (2,4 km) Køyr E39 frå Ørsta sentrum, ta av til venstre i krysset på Ose til Melsbygda(FV57 Melsvegen)
Eller frå Krøvelseidet/Helgatun(1.7km) på sti. Frå Volda: Frå sentrum, køyr E39 retning mot Stryn til du kjem til ei rundkøyring. Ta av mot Vikebygda på Vikebygdvegen (FV 45). Følg denne til du kjem til Helgatun og ein stor parkeringsplass på nedsida av vegen, omlag 6 km.

Kvar kan du parkere?

Parkering på lunneplassen ved avkøyringa frå Melsvegen FV 57. Pass på å parkere slik at det er plass til fleire bilar.
Eller om du startar frå Krøvelseidet parkerer du på den store parkeringsplassen nedom vegen ved Helgatun.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5,4km
Lengde en vei (km) 2.7km

Mobildekning

Ja