Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Melshornet Volda/Ørsta

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Skitur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Skjervadalen
To gode vener har nådd toppen på Melshornet
Velg denne løypa tilbake til skisenteret
Meshornet til høgre (bilete henta frå Reset Hyttegrend si Facebookside)

Melshornet Volda/Ørsta

Fotograf: Beko/Pel/Reset Hyttegrend AS

Kvifor gå denne turen?

Melshornet er eit populært utfartsmål heile skisesongen, ypparleg topp som dagstur med familien eller til ettermiddagstrimmen. Mange tek også turen i mørket med lykt.

Kvar i terrenget går turen?

Skitur til Melshornet kan du ta frå Volda sentrum, Krøvelseidet og frå Volda Skisenter (Reset). Her er turen omtala med start frå og tilbake til Volda Skisenter.
Frå skisenteret går du austover i løype som startar på oppsida av ei grindløde. Herifrå skråar det jamnt oppover til du møter ruta frå Helgatun/Krøvelseidet. Ver obs på at du kan møte skiløparar på veg ned på denne delen av turen. Ta sikte på austenden av den lange ryggen frå Grøthornet, og du kjem opp i ein liten dal, Skjervadalen, nord for lange skavlar. Resten av ruta er skrått terreng mot toppen. Retur same veg.

Ved alternativ start frå Krøvelseidet/Helgtatun er det skilta til Melshornet. Parkeringsplass ved start (ikkje avgift)

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Volda Skisenter, sjå http://www.voldaskisenter.no Her er det grei parkering (mot avgift).

Kvar kan du parkere?

Volda Skisenter AS, parkeringsavgift kr. 40 kveld og kr. 50 helg. (sesongen 17/18)

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 3
Ikke preparerte løyper 3
Lengde tur/retur (km) 6
Stigning meter grader
Total stigning 493 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Skavl på toppen mot Ørsta

Spesielle forhold

Det er planlagt hyttefelt i tilknyting til Volda Skisenter, sjå Reset Hyttegrend AS si side http://www.facebook.com/ResetHyttegrend

Kart

Sunnmørsalpane