Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Melssetra opp Melsfjellvegen

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

4.8km

Lengde en vei (km)

2.4km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Melssetra opp Melsfjellvegen

Kvifor gå denne turen?

Ein nokså lett tur med jamn stigning. Det er laga til sitje/kvileplassar med flott utsikt langs vegen opp til setra. Du ser etterkvart Follestaddalen med Kolåstinden, Åmdalen med Vatnevatnet og fjella i Kvanndalen. På setra står det nokre gamle sel og steinmurar etter fleire som har ramla ned. Blåbær og bringebær om du er der på rett tid. Herifrå kan du gå til Melshornet, eller ein kortare og flatare rundtur, eller også til Krøvelseidet/Helgatun.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved lunneplassen der Melsfjellvegen startar frå Melsvegen. Melsfjellvegen er stengd med bom så her må ein ta beina fatt. Følg vegen oppover, du kan ta av og gå bratt rett opp til setra på sti eller fylgje vegen heilt fram, ta til høgre i krysset etter ca 2km begge alternativa er skilta med Melssetra.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr E39 frå Ørsta sentrum, ta av til venstre i krysset på Ose til Melsbygda(FV57 Melsvegen)

Kvar endar turen?

Melssetra 335 moh

Kvar kan du parkere?

Parkering på lunneplassen ved avkøyringa frå Melsvegen FV 57. Pass på å parkere slik at det er plass til fleire bilar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2.4
Lengde tur/retur (km) 4.8km
Lengde en vei (km) 2.4km

Mobildekning

Ja