Kvifor gå denne turen?
Midtfløhornet har kanskje den flottaste utsikta på Hareidlandet
Kvar i terrenget går turen?
Frå bommen på Midtflø, går turen omlag 700 meter oppover gardsvegen mot Brørevatnet. Her tek ein til venstre ( skilt ) opp grasbakkane til skogen. Råsa går bratt opp langs skogskanten til Midtfløhornet. Denne delen av turen er til tider svært bratt og luftig. Utsikta frå Midtfløhornet er fantastisk!
Frå Midtfløhornet går turen vidare til Veten. Her finn ein ein lite "varde"/ ringmur i stein. Utsikta frå Veten er også flott, m.a. nordover øyane og til Ålesund.
Turen går så vidare i lett turterreng til Smørkinna, til foten av Sneldelia og til gardsvegen ved Brørevatnet.
Frå Brørevatnet går turen tilbake til utgangspunktet ved bommen på Midtflø.
Turen tek omlag 2 - 3 timar.
Tilgjengeleg med rullestol
Nei
Kvar startar turen?
Omlag 400 meter etter passering av Galleri Hugo Opdal/ Moods of Norway tek ein av til høgre frå FV 25, oppover gardsvegen til Brørevatnet. Turen startar ved bommen på gardsvegen omlag 400 meter frå fylkesvegen.
Kvar kan du parkere?
Parkering ved bommen på Midtflø
Rute på kart
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Lengde tur/retur (km) | 9 km |
Stigning | meter | grader |
---|---|---|
Total stigning | 520 m | Høydemeter |