Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Giske

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

4,4

Lengde en vei (km)

2,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Molnesfjellet

Kvifor gå denne turen?

Turen byr på nærkontakt med elementa, og på toppen får ein utsikt langt ut i havet, samt innover i Sunnmørsalpane. Turen kan fint kombinerast med ein fjøretur, men om ein velger å gå mot Molnes, så er det bratt og tidvis sleipt underlag i nedstiginga.
Området bak fjellet er naturreservat, med mange sjeldne planteartar, ved inngangen til naturreservatet er det informasjonstavle om desse. I beitesesongen går det også beitedyr bak fjellet, og ein må hugse å lukke grinda etter seg.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved Rota stadion på Roald. Ein følger ein gruslagt veg ca 200 meter før ein tar til venstre på sti ned mot sjøen til ein når ein traktorveg, som ein følger langs bustadområdet. På flata tar ein til høgre over eit jordet og går ei lita bratte opp til Ranskarrema, der ein tar til venstre ved grinda. Ein tar så følge med stien opp over Grønefjellet, på toppen er det eit signallys. Ein følger stien ned i ei dump, før ein tar fatt på siste stigning mot Storhornet der det er ei postkasse med bok. Det finst fleire stader å slå av ein rast for å nyte panoramautsikta.
Gjer merksam på at store delar av stien er våt og gjørmete, så gode tursko eller støvlar er høgst tilrådeleg.
Det fins mange alternative ruter som kan nyttast, men ein gjer merksam på at fjøra er eit naturreservat, og at ein difor viser omsyn om ein legg turen dit.

Kulturminne

Molnesfjellet har ei lang historie attende til Vikingetida. Det heitast at Ragnvald Mørejarl sin væpnar Trond vart gravlagt på Litlehornet ("Ilkjehønnjet" lokalt). Trond fekk i si tid ansvaret for å lære Gange Rolv i krigskunst.Då Gange Rolv vart landsforvist fekk ikkje Trond vere med, og det heitast at han kvar dag gjekk til Storhornet for å speide etter Gange Rolv til han døydde. Gravhaugen er no borte, men i si tid vart det funne et sverd i grava. Sverdet var i privat eige, men forsvann truleg i Ålesundbrannen.
Under krigen var området brukt som festningsverk av tyskarane, og ved stien ser ein mange restar av bunkersar og andre installasjonar frå andre verdskrig.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Rota stadion ligg på Roald, lengst nord på øya Vigra. Med bil; følg skilting mot Roald, køyr så til moloen, ta til venstre og Rota stadion kjem til syne etter ca 200 m, ingen parkeringsavgifter.

Kvar kan du parkere?

Rota stadion, Roald

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 1,0
Løs grus 0
Traktorveg ,5
God sti 2,5
Natur ,2
Røtter / steiner ,1
Sleipt underlag ,5
Lengde tur/retur (km) 4,4
Lengde en vei (km) 2,2

Offentlig transport

Det går buss til Roald, og frå Roald til Rota er det ca 5 min å gå. Buss går ca kvar time på kvardagar (18 ruter t/r), litt sjeldnare i helgene.
http://www.frammr.no/

Mobildekning

4G+