Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

14,8

Lengde en vei (km)

7,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På veg opp mot Sandhornet fra Mossetra
Utsikt frå Sandhornet mot Ørstafjorden
Utsikt fra "pølsa" på Brekkeheida
Veg beskrivelse
Namn på fjella
Langedalen mot Høgeheida og Bjørnaskaret

Mosegga, Ørsta

Fotograf: Line Hansgård

Kvifor gå denne turen?

Turen gir god utsikt over fleire dalar og kjende toppar nær Ørsta sentrum. Det er fin utsikt mot Langedalen, Follestaddalen, Nupadalen, og toppar som Kolåstind, Kjerringa, Vassdalstind og fleire.

Kvar i terrenget går turen?

Turen kan starte enten på Mosetra eller øvst i Mosmarka byggefelt. Turen er lettast med start på Mosetra, på 330 moh. Alternativt kan ein starte på 90 moh øvst i Mosmarka byggefelt. Frå Mosetra går turen opp mot Rambjørhornet og vidare mot Sandhornet 909 moh. Ein svipp ut på Rambjørhornet gir fin utsikt i fleire retningar, vel verdt den vesle avstikkaren. Frå Sandhornet går turen på egga i god sti over Grøthornet og Kråkenakken til Brekkeheida. Her er stien merka til Pølsa, der det er besøksbok, og vidare til utsiktspunktet på Brekkeheida. Her er det flott utsikt mot Ørsta sentrum. Stien går så ned til kanalvegen og til byggefeltet på Øvre Mo. 

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen kan starte på Mosetra eller øverst i Mosmarka byggefelt. Det er ca 5,1 km å køyre frå der kor Setrevegen startar til Mossetra. Ein må betale bompengar for å køyre Setrevegen opp til Mosetra. Prisen er kr 50,- for bil og traktor, kr 20,- for moped/motorsykkel/moped eller ATV.
Då det er god veg mellom start- og sluttpunkta kan ein gå eller køyre tilbake til der ein starta turen. Heile Mosegga-turen tek om lag 3 ½ - 5 timar. Men husk at sidan turen startar og sluttar ganske langt frå kvarandre, er det enklast å sette frå seg ein bil der ein ynskjer å avslutte turen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 7,4
Lengde tur/retur (km) 14,8
Lengde en vei (km) 7,4
Stigning meter grader
Total stigning 909 Høydemeter

Mobildekning

Dårlig dekning på selve Mosetra, men ellers bra.

Spesielle forhold

Mosetra er ei gammel seter frå 1600-talet med ein setervoll på kvar side av elva, med Mosetra på austsida av elva. Framover Langedalen er det store frodige grassletter. Rundt 1910 var det 260 storfe på beite her om sommaren. No er det ikkje storfe her lenger, men det er nokre hundre sauer på beite.


Kart

https://www.norgeskart.no/#12/43588/6929033/+fjelltopper