Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

3,6 t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Bratt utføre på vest og nordsida av toppen.
God rås heilt opp til toppen.
Ein pust i bakken, Skorpa i bakgrunnen.
På toppen med utsikt til Runde.

Muletua

Kvifor gå denne turen?

Muletua er vestlegaste fjelltoppen i Herøy utanom Skorpa. God utsikt i alle retningar, vest i havet ser vi Svinøya, mot sør ser vi Skorpa, mot søraust ser vi dei andre fjella i Herøy og mot nordaust ser vi Runde. På toppen står ein restaurert torvskjå og på vegen opp ser vi fleire plassar der det er restar etter gamle torvskjåer og plassar der det har vore spadt torv.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar på høgste punktet på vegen mellom Kvalsvika og Mulevika. Råsa går nordvestover i lett terreng mot toppen, der er tillaga med raste/kvileplassar fleire stader langs råsa. Når du er komen nesten halvvegs mot toppen kjem du inn på den gamle torvvegen som gjekk frå Kvalsvika til Mulefjellet. På returen er det mogleg å gå ned over Barmen eller gå torvvegen og i begge tilfella kome ned i Kvalsvika. Det kan også vere fint å avslutte turen med å ta seg eit bad på den flotte sandstranda i Mulevika.

Kulturminne

Restar etter gamle torvskjåer og vi ser også kvar den gamle torvvegen frå Kvalsvika til Mulefjellet gjekk.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Følg fv 654 til Fosnavåg, derifrå køyrer du fv 20 over Nerlandsøybrua og tek til høgre i kryss på Kvalsund og køyrer fv 21 til Kvalsvika der du tek til venstre mot Mulevika. På høgste punktet på vegen er der en liten parkeringsplass på venstre sida 50 meter før råsa, parker her. Dersom her ikkje er plass må du køyre til parkeringsplassen som er på enden av vegen 300m etter der råsa startar.

Kvar kan du parkere?

Liten parkeringsplass 50m før råsa, stor parkeringsplass 300m etter råsa.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3,6
Lengde tur/retur (km) 3,6 t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 18
Bratteste helning ned 200 18
Total stigning 250 Høydemeter

Spesielle forhold

Heile området mellom Muletua og sjøen på nord, vest og sørsida er freda. Ferdselsforbod 1mai -30 juli. Råsa til toppen ligg utanom fredingsområdet.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 IV, Sunnmorskart.no