Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Nakken - Vardfjellet

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4,4 t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Nakken. Utsikt nordover Langfjorden
Nakken. Utsikt over Eresfjord.
Vardfjellet: Utsikt mot Skjorta.
På Nakken er det også kvilebenkar. Og ei fantastisk utsikt.

Nakken - Vardfjellet

Kvifor gå denne turen?

Eresfjord. Fin og enkel tur langs skogsveg og sti.
Du kan gå første del til utkikkspunktet Nakken (520 moh) Eller du du kan fortsette til Vardfjellet ( 831 moh)
Frå Nakken har du ei fenomenal utsikt både nordover ut Langfjorden og ned mot Eresfjord.. Du ser rett ned i småbåthamna i Paulen i Eresfjord.
Ein av dei mest populære tur/trim-postene som finst i Eresfjord.

Kvar i terrenget går turen?

Nakken:
Følg skogsvegen. Når du kjem under kraftlinja på skogsvegen ser du to små steinvardar. Ta av til høgre her og inn på god sti opp bjørkaskogen. Du kjem inn på ein anna skogsveg lenger oppe. Etter eit kort stykkje er du på utsiktspunktet Nakken.
Vardfjellet:
Du kan fortsette frå Nakken og opp til Vardfjellet. Følg stien/skogsvegen vidare oppover. Der du ser skiltet Vardfjellet tar du av til høgre og inn på myrområdet under høgspentlinja. Fortsett beint fram over myra i retning skogsryggen. No er du inne på god sti igjen som du følgjer heilt til topps på Vardfjellet.

Kvar startar turen?

Frå fylkesvegen på austssida av Eresfjord tar du av kommunevegen mot Gransetra. Du følgjer vegen heilt fram til bommen ved Gransetra. Parker her.

Kvar endar turen?

Om du vil kan du også fortsette frå Vardfjellet austover mot Nordmørsskaret og ned i Kanndalen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1,4
God sti 3
Lengde tur/retur (km) 4,4 t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 10 10
Bratteste helning ned 10 10
Total stigning 541 Høydemeter

Kart

M711 1320 II Eresfjord