Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

2,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Stien går ein god del langs berg og sva.
Slik såg det ut på Naustesetra før.
Fjelltrimkassa er plassert ca 150 meter nedanfor Naustesetra.

Naustesetra

Kvifor gå denne turen?

Eresfjord. Tur opp skogslia frå Nauste til den gamle seterstølen, Naustesetra. Fjelltrimkassa er montert på ei stor tolle ca 150 meter før du kjem til stølen.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går i skog med berg og sva. Etter regn kan det vere ganske vått og sleipt spesielt på berga.
Gå gjerne 150 meter lenger enn Fjelltrimkassa, så kjem du til stølsområdet for Naustesetra. I dag er det berre ei hytte på stølen som står att.

Kvar startar turen?

Kjør fylkessvegen ned mot Nauste. Parker ved den gamle saga i Naustegarden. Følg traktorveg rett opp til Svabekken og ta til venstre forbi gapahuken og badestampen. Etter eit par hundre meter kjem du til ei hytte (den gamale badstua på Nauste).
Her tar du stien rett opp til høgre og følgjer den.

Kvar endar turen?

Frå Naustesetra er det fin tur vidare opp på fjellet utover mot Vasssetra. Ja, du kan også fortsette å gå heilt ut til Sølottsetra.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,5
God sti 2,0
Lengde tur/retur (km) 2,5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 14 10
Bratteste helning ned 14 10
Total stigning 320 Høydemeter

Kart

M711, 1320 II Eresfjord