Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Nedre Vassdalsvatnet

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5km

Lengde en vei (km)

2,5km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Nokre bratte klyv i starten
Utsyn mot Herdalsvatnet og Heregga
Fiske
Fangst
Utsyn mot fjorden og bygda frå området
I Vassdalane er det også fint å overnatte

Nedre Vassdalsvatnet

Fotograf: Kari E. Løvoll Dalhus

Kvifor gå denne turen?

Turen, som startar ved Herdalsvatnet, gir raskt fin utsikt over fjord og fjell i fleire retningar. I Vassdalane ligg Vassdalsvatna som byr på fin fjellaure om du har med det rette utstyret. Her kan du også nyte eit uforstyrra kaldt bad, og du kan halde fram turen til fleire fine turmål herifra.Her er sol til langt på kveld både vår, sommar og haust. Fin familietur, med born frå 5-6års alderen.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar litt før ein når osen på Herdalsvatnet, parker ved nausta og gå vegen tilbake til du ser skilt og bru over elva. Gå over brua og vidare langsetter elva til du når vatnet.
Ved vatnet er det skilta opp til venstre, nordover til Vassdalane. Ei kort og bratt oppstigning på til tider svært våt og glatt rås fører opp til eit flatare område med god utsikt over fjorden og fjella. Herifrå går god rås vidare opp til eit skar/ein liten dal. Ovanfor skoggrensa kan du følgje same veg som til Kalskaregga eit stykke før du tek av bortover til Vassdalane. Råsa er merkt, men ein bør følgje med i terrenget. Ein føl elva det siste stykket opp til det Nedre Vassdalsvatnet.

Kulturminne

Nausta ved parkeringa i Herdalsosen viser tilbake til dei tider då varer, folk og dyr vart frakta til og frå Herdalssetra med mellom anna båt.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Fremst i bygda Norddal, etter om lag 2,5km, er vegen skilta til Herdal, følg denne vegen. Ved grinda betaler ein bompengar, om ein ikkje vil gå også dei 7-8 km fram mot Herdalsvatnet. Parkering ved nordre osen av Herdalsvatnet.

Kvar endar turen?

Turen som er skildra her er ein tur-retur-tur til Vassdalane. Fine turar med same oppstigning er Solegga og Kallskaregga. Dersom du vil gå lenger er Tolleknivsegga også eit alternativ. Frå denne toppen kan du halde fram nordover mot Kyrkjefjellet og eventuelt ende opp ved fjorden ved Kvernhusneset, tvers overfor Fjørå/Vika. Overgangstur skildra i Opptur Geirangerfjorden. Tolleknivsegga er ei ganske luftig egg, så for dei som ønskjer det, kan toppen også nåast frå nordsida utan å gå over det luftigaste partiet.

Kvar kan du parkere?

Ved nausta i nordenden av Herdalsvatnet er det fleire parkeringsplassar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 1,5
Dårlig sti 1
Natur 2,5
Myr 0,5
Røtter / steiner 0,5
Sleipt underlag 1
Lengde tur/retur (km) 5km
Lengde en vei (km) 2,5km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 600m 22
Bratteste helning ned 600m 22
Total stigning 700 Høydemeter

Offentlig transport

Det er mogleg å ta buss til Norddal både nordfrå og sørfrå om sommaren, men dei går ikkje så ofte. Sjekk http://www.frammr.no/. Det finst ikkje offentleg transport til parkeringsplassen ved Herdalsosen, men det er mogleg å gå frå fjorden i Norddal på asfaltert ved 2,5 km, deretter på grusveg i ca.5 km til Herdalsosen (om lag 500 høgdemeter).

Mobildekning

Se dekningskart telenor https://www.telenor.no/privat/dekning/ og netcom https://netcom.no/dekningskart d Det er svært dårleg mobildekning i dei lågare partia på denne turen, men god dekning i høgare delar.

Spesielle forhold

Det er bomveg frå Norddal til Herdalsosen, om lag 50 kr. (2017). Området er mykje nytta til jakt i hausthalvåret, så turgåarar må vere merksam på dette.

Kart

Tafjord Blad 1319 III, Turkart Norddal kommune, Turen er skildra i Opptur Geirangerfjorden rute 3-22.