Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Nipa, Gjøna, frå Haugsbygda

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

7,6 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Sandsøya sett frå Nipa
Nipa høgt over Gurskefjorden
Ruta til Nipa sett frå Storehornet
Nupatinden,Nystøylhornet,Voksa, Stadtlandet og Kvamsøya sett frå Nipa

Nipa, Gjøna, frå Haugsbygda

Kvifor gå denne turen?

Fantastisk utsikt over heile ytre søre og havet. Deler av råsa fylgjer den gamle kløvvegen mellom Haugsbygda og Gjerdsvika som var i bruk til det vart bygd veg rundt Gjøneset. Gjerdsvika I.L. har trimpost på Nipa.

Kvar i terrenget går turen?

Start i Haugelia byggefelt. Råsa byrjar på enden av den øverste vegen, gå mot vest, der er 2 grinder i gjerdet, gå forbi den første, råsa går gjennom grind nr 2. Råsa går først gjennom skogen, kan vere litt vått her på enkelte parti, oppom skogen kjem du opp på Dalen med restar etter gamle vårfjøsar. Derifrå fylgjer råsa den gamle kløvvegen som er oppmura oppigjennom fjellsida. Når du kjem opptil høgspentlinja tek du av frå råsa, den går til Haugshornet, og fylgjer høgspentlinja til neste stolpesett,der finn du råsa til Nipa, den går då mot vest, først over nokre torvmyrar, kan vere litt vanskeleg å finne her, men når du kjem bort til ryggen opp til Saursegga går råsa etter høgste ryggen heilt ut til Nipa. Når du skal gå opp til Nipa frå lavaste punktet mellom Saursegga og Nipa går råsa nesten beint opp bratta, føler du att det er for bratt går det å ta til høgre og fyjgje ei rås som går opp på nordsida av det brattaste partiet. Når du kjem opp er det vel verdt slitet, herifrå har du ei fantastisk utsikt. OBS Vis varsemd, svært bratt utføre på sørsida.

Kulturminne

Kløvvegen mellom Haugsbygda og Gjerdsvika.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Haugelia i Haugsbygda. Ta av frå fv 61 i Gursken skilta mot Haugsbygda, køyr 4km, ta til høgre skilta Vonheim, køyr 1km, ta til høgre etter gamal skulebygning og køyr heilt til topps i Haugelia byggefelt. God parkering.

Kvar kan du parkere?

Haugelia

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 6
Dårlig sti 1,6
Lengde tur/retur (km) 7,6 km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 80 40
Bratteste helning ned 80 40
Total stigning 800 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, M711 1119 IV, Sunnmorskart.no