Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

5,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot sørvest, vi ser fjella på vestsida av Dalsfjorden
Ørsta, Ørstafjorden og Hovdebygda
Frå venstre ligg Lågehornet, Nivane, Vardehornet, Saudehornet og Vallahornet over Ørsta sentrum.
Varden på Nivane med Saudehornet i bakgrunnen

Nivane

Kvifor gå denne turen?

Nivane ligg over Ørsta sentrum med god utsikt over Ørsta, Hovdebygda og dei kringliggande fjella. Nivane ligg på søraustkanten av eit fjellplatå som strekker seg frå Lågehornet i vest og Heidskredhornet i nord til Vardehornet i aust. Når du er på Nivane kan det vere vel verdt å ta ein rundtur innom desse toppane også.

Kvar i terrenget går turen?

Gå Skålavegen ca 1,35 km (ca 250m forbi gapahuken) og ta råsa som går vestover opp gjennom sida mot Nivane. Når du kjem opp til steinura dreier råsa mot nord og går i sikksakk opp til varden som står på framkanten av Nivaneplatået.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå rundkøyringa på E39 i Ørsta sentrum køyrer du Ivar Aasengata (E39) ca 450m og tek til høgre opp Garvargata ca 250m og tek til høgre Håkonsgata ca 50m og tek til venstre opp Vikegeila og køyrer den til vegs ende (ca 700m) og parkerer ved Vikegeila Vassbehandlingsanlegg.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved Vikegeila Vassbehandlingsanlegg.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2,7
God sti 2,5
Lengde tur/retur (km) 5,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 33
Bratteste helning ned 50 33
Total stigning 800 Høydemeter

Offentlig transport

frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1119 II, sunnmorskart.no