Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

5

Lengde en vei (km)

2,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Nordmørskaret

Fotograf: Bjørn Magne Øverås

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein veldig fin tur i slakt terreng og med storslagen utsikt til majestetane Skjorta og Ryssdalsnebba.

Kvar i terrenget går turen?

På Gaddhaugen parkerer du og følger til fots blåmerka stolper rett forbi dei to første hyttene til du kjem inn på tydeleg sti. Etter nokre hundre meter kjem du inn i Eikesdalsvatnet landskapsverneområde.
Du følger stien langs venstre side av elva (vestsida)kalla Fremste Tverrelva, det er 2,36 km fram til Stikk UT! posten. Den er plassert ved det første vesle vatnet (779 moh) du kjem til i Nordmørsskaret.

Tar du med deg fiskestang kan du godt prøve å fiske i det vesle vatnet. Alternativt gå ca 25 minutter lenger opp til Trollbotnen 922 moh. Her får du garantert fisk. Men den er liten!

Vis omsyn til sauene. Det er godt over 1000 sauer som går i området rundt Kanndalen. Husk båndtvang!

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr til Eresfjord og følg FV 192 (austsida av bygda) til kryss med skilt til Grandsetra (same vegen som til Kanndalen) Ta av her og følg denne vegen beint fram i 6,5 km forbi Bjørbakken og Grandsetra og fram til Kanndalen, forbi Storstølen og fram til enden av vegen, seterstølen Gaddhaugen. Siste 3,6 km er bomveg. Husk kontanter kr.30,-
Husk også å ha igjen dei to grindene du må passere på bilvegen.

Kvar endar turen?

Det er også fint å fortsette til det neste vatnet i retning Jordalsgrenda. Alternativt kan du avtale med andre i forhold til transport om å gå kvar sin veg. Nokon startar frå Gaddhaugen på Eresfjordsida mens dei andre starter frå Jordalsgrenda.

Kvar kan du parkere?

Parkering på Gaddhaugen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5
Lengde en vei (km) 2,5

Offentlig transport

Det er dårlig med busstilbud mellom Eidsvåg og Eresfjord

Kart

Kartblad 1320 II og kartblad 1420 III