Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,8

Lengde en vei (km)

1,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Underveis har du fin utsikt mot Skalten og den karakteristiske Skardsettinden.
Ut på tur!
Fra toppen av Ørnehaugen

Ørnehaugen

Kvifor gå denne turen?

Ørnehaugen er eit av dei mest besøkte turmåla i Aukra. På toppen av Ørnehaugen er det flott utsyn over Ormen Lange anlegget på Nyhamna. Ein har også flott utsyn mot Bud og Bjørnsund. Det er fleire informasjonstavler på turen som ein bør ta seg tid til å lese.

Kvar i terrenget går turen?

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Følg skilt til Nyhamna. Når du kjem til Ormen Lange anlegget, ta til høgre i krysset ved administrasjonsbygget til Shell. Parker på turparkering på motsatt side av veien for pumpestasjonen (gult bygg) på Eikrem (v. Ormen Lange anlegget). Følg ny sti langs skogkanten til veg v. lagerbygg på Shell. Her står det ei informasjonstavle. Følg vidare traktorveg til nokre bord og benkar. Ta til venstre og følg sti ut til Ørnehaugen. På toppen av Ørnehaugen er det flott utsyn over Ormen Lange anlegget på Nyhamna. Ein har også flott utsyn mot Bud og Bjørnsund. Det er fleire informasjonstavler på turen som ein bør ta seg tid til å lese.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Parkeringsplass på motsatt side av pumpestasjonen på Eikrem.

Kvar kan du parkere?

Parkering på motsatt side av pumpestasjonen på Eikrem. Ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,8
God sti 2,4
Dårlig sti 0,2
Lengde tur/retur (km) 3,8
Lengde en vei (km) 1,9
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 35 20
Total stigning 23 Høydemeter

Offentlig transport

Aukra Auto frå Molde til Hollingsholm, og ferga over.
http://www.aukra.kommune.no