Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Ørsta - Volda via Melshornet

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Volda
Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

15,4

Lengde en vei (km)

7,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Pølsa
Skilta til Pølsa. Den andre stien går til Ossætra og vidare til Dinglavatnet
Flott utsikt frå Melshornet
Flott på toppen av Melshornet

Ørsta - Volda via Melshornet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Ein fin overgangstur frå Rystefeltet i Ørsta, via Pølsa og Melshornet, til Volda. Ruta er variert med bratte og slake parti, og du har flott utsikt heile vegen.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved Tussabygget og følg skogsvegen eit stykke. Etterkvart ser du ein sti på høgre side. Denne kan du følgje, eller du kan gå skogsvegen til du møter kryssande sti. Stien er steinsett og hellelagd og er tørr og fin å gå på. Følg stien til du kjem til eit skilt "Pølsa". Stien er tydeleg opp bakkane til Pølsa. Turen frå Tussabygget og til Pølsa er ei mykje nytta trimrute. Når du kjem ut av skogen, får du flott utsikt i mange retningar. Etterkvart ser du ei vindpølse på toppen av bakken; dette er Pølsa. Herifrå fyl du ryggen bakover mot Melshornet. Du har god sikt i mange retningar, så nyt utsynet! Du kan velje å krysse over til Dinglavatnet dersom du ikkje vil gå via Melshornet. Sjå etter ein stor stein med svake piler (N62° 10.635' E6° 07.671'). Her går stien over til Dinglavatnet. Siste bakken opp til Melshornet har godt synleg sti. Det er ikkje veldig langt opp, men litt bratt. Ta deg tid til å nyte utsikta frå toppen! Om du vil kan du registerere deg i den digitale fjellboka (http://www.gjesteboka.no). Frå Melshornet fyl du ein godt synleg sti ned til Dinglavatnet og tek skogsvegen vidare ned til Volda sentrum. I svingen nedanfor Turnhytta (N62° 09.634' E6° 06.774') kan du følgje sti til Heltne/Bratteberg. På skogsvegen ned att passerer du ein minnestein over dei falne i Røyshyttebakken. Du passerer også Prestesætra (N62° 09.391' E6° 05.399'). Eit fint utsiktspunkt med ein ny gapahuk som Volda rotaryklubb har sett opp. Ta gjerne ein rast her. Frå Prestesætra kan du gå snarveg på sti gjennom skogen eller følge skogsvegen. Ruta går ned til bommen øvst i Raudemyrvegen. Skal du til Engeset/Klepp, kan du ta av på skogsveg like før du kjem til bommen (N62° 09.280' E6° 04.994'). Skogsvegen går til Grinda.

Kulturminne

Det var tidlegare eit rikt hoppmiljø i Volda og det var mange hoppbakkar i dette området. Ein av dei var Røyshyttebakken. Du passerer minnestein over dei falne i Røyshyttebakken når du går på skogsvegen ned til Volda

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Ørsta sentrum følgjer du E39 i retning Volda. Ta av mot Rystefeltet. Køyr Osborgvegen, Oklavegen og Osskarvegen. I krysset Oklavegen/Osskarvegen er det skilta mot Melshornet. Køyr Osskarvegen til endes og fortsett til du kjem til eit Tussabygg, eller du kan starte i svingen eit par hundre meter ovanfor dette bygget. Ruta som er omtala her startar ved Tussabygget.

Kvar endar turen?

Ruta endar ved bommen øvst i Raudemyrvegen.

Kvar kan du parkere?

God med plass ved Tussabygget

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2
God sti 5,7
Lengde tur/retur (km) 15,4
Lengde en vei (km) 7,7
Stigning meter grader
Total stigning 674 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Volda og Ørsta http://www.frammr.no

Spesielle forhold

Det er eit stort netteverk av stiar i området. Du kan difor gjere mange val av ruter viss du vil gå mellom Volda og Ørsta. Dette er berre eit av mange val.
Når du kjem til Dinglavatnet kan ein variant vere å gå til Vardehornet og kome ned att på vegen i området ved Prestesætra. Då forlengar du turen litt og du får ein tur som stort sett går på sti.

Kart

Nærturkart Volda (dekker den dele av turen som går i Volda kommune). Sunnmørsalpane