Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Øverberg - Rota - Rute 55 c

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Skitur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

11,2

Lengde en vei (km)

5,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå sidesporet mellom Rota og Vassdalsbu
Vassdalsbu er ein populær møteplass for turfolket. Hytta er alltid open.
Kartutsnitt frå turkartet: På tur i Vanylven
På veg frå Øverberg mot Rota. Gapahuken ligg rett ved sporet på høgre side omlag 200 lenger framme enn personane på biletet.

Øverberg - Rota - Rute 55 c

Kvifor gå denne turen?

Familievennleg preparert skiløype i lett terreng. Omlag midt mellom Øverberg og Rota er det ein open gapahuk med god plass, og med høve til å lage bål. Løypa går i opparbeidd trase i dalen mellom Øverberg og Rota. Ved normale snøtilhøve er det også preparerte løyper i eit sidespor som startar nokre hundre meter sør for gapahuken. På dette preparerte sidesporet finn ein den opne hytta Vassdalsbu. Denne hytta er eit mykje nytta turmål, og også ein viktig møteplass for turgåarar frå nord og sør.

Ein kan gå delar av, eller heile løypa. Ved gode snøtilhøve er det ofte preparert fleire løyper i området.

Kvar i terrenget går turen?

Ruta går mellom dei 2 mest brukte vinterturområda i Vanylven. I nord er det start på Øverberg med vinteropen veg frå Syvde fram til parkeringsplass 284 m.o.h. I sør er det veg frå Åheim til Almklovdalen og parkering før ein må gå det siste stykket fram til Rota.

Kulturminne

Det er spor etter støylsdrift og torvskjering i området, men desse viser dårleg når det er snø

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Øverberg parkeringsplassen 285 moh
Gapahuk 380 moh
Rota 460 moh
Vassdalsbu 455 moh

Kvar kan du parkere?

Parkering på Øverberg skisenter, eller på vegen frå Almklovdalen viss ein startar i sør.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 11,2
Ikke preparerte løyper 0
Lengde tur/retur (km) 11,2
Lengde en vei (km) 5,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 15
Bratteste helning ned 200 15
Total stigning 200 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Spesielle forhold

Informasjonstelefon Øverberg skisenter – 41 60 69 39
Vanylven skisenter Øverberg: http://www.syvdeil.no/index.php?option=com_content&view=article&id=45&Itemid=62

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven