Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Øverberg - Vassdalsbu - Kvistivatnet - Bjørnen - Øverberg

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt over Kvistivatn mot osen
Storfangst
Kyr på sommarbeite

Øverberg - Vassdalsbu - Kvistivatnet - Bjørnen - Øverberg

Fotograf: Sven Tore Sørdal , Åge Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Denne turen slynger seg fint innover mot Lidane frå Øverberg med ei fin elv på sida der ein kan både fiske å bade. I enden av grusvegen finn ein og nokre gamle murar. Innover Lidane går det slakt og fint oppover mot Vassdalsbu. Vidare mot Kvistivatn og Bjørnen åpnar lanskapet seg meir og ein får tilslutt ei fantastisk utsikt utover Saurdal og Syvde i nordleg rettning og utover Vanylvsgapet mot vest. Det fins mange teltplassar langs denne ruta, til dømes ved Kvistivatn (avmerka på kartet).

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar roleg og fint med ca 1 km grusveg og går deretter over i å gå på fast sti langs ein morenerygg før ein får ei lita stigning opp på Leitet. Litt før toppen av Leitet er det eit vegkryss (N62 01.520 E5 42.040) der ein tek til høgre opp på den velse toppen. Der finn ein og skiltet som står Leite på. Fint terreng innover til Vassdalsbu. Frå Vassdalsbu går ein mot vest oppover ein bakke, når ein har komt opp kneika kjem ein til Skinvatnet, her skrår ein fint oppover slik at ein kjem til osen ved Kvistivatn. Her går ein mot aust at opp på ryggen og fyll den. Når ein har komt til den private hytta (N62 01.412 E5 40.798) er det litt brattare parti før ein kjem opp på flata som ein fyl eilt til varden ved Bjørnen. Ned frå Bjørnen til Øverberg er det delvis litt bratt. Resten av turen går ein på grusveg.

Kulturminne

Når ein kjem på enden av grusvegen kjem ein til eindel gamle steinmurar (N62 01.700 E5 41.404). Desse er gamle setrar for Saurdalen. Dei var i bruk til ca 1950.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ved start ifrå Øverberg; Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal (6km). Deretter ca 2km på kommunal veg (grus) mot Øverberg.

Kvar endar turen?

Sluttstaden er samme som startstaden, på p -plass ved varmestova til Øverberg skisenter.

Kvar kan du parkere?

Ved varmestova på Øverberg skisenter. Det kostar 20 kroner for å parkere der ein dag.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1.7
God sti 2
Dårlig sti 0.8
Myr 2.5
Lengde tur/retur (km) 7
Stigning meter grader
Total stigning 465 Høydemeter

Kart

Vanylven