Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Indre Nordmøre

Kommune

Surnadal

Type tur

Skitur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

3,4

Lengde en vei (km)

1,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

I.l. Søya har trimkasse ved Øygardshalsen der du kan skrive deg inn sommar som vinter.
Utsyn frå trimposten ved Øygardshalsen.
Ein fin tur å ta sjølv i litt ruskevær.

Øygardshalsen

Fotograf: Ingveig Bergstad, Brit Hansen.

Kvifor gå denne turen?

Ein skitur til Øygardshalsen er ein fin lågterskeltur som går i relativt flatt terreng. Startpunkt for turen er klubbhuset ved skianlegget til IL Søya på Vang, og turen går etter oppkøyrd løypenett. Dette gjer Øygardshalsen til eit ideelt turmål for dei yngste som skal lære seg å gå på ski, men er også ein fin kvardagstur for alle som vil ta ein lett skitur for berre å nyte vinteren. Turmålet er rastebenken og turkassen ved Øygardshalsen der ein flott utsikt ventar deg.

Kvar i terrenget går turen?

Ved Vang skiarena parkerer du ved skilta parkering. Gå inn i lysløypa på venstre side av vegen og fortsett vidare i same retning du kom køyrande. Følj så Stikk UT!-skilta fram til Øygardshalsen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Det kan vera lurt å ta utgangspunkt i vegkrysset som ligg på riksveg 670 ein stor km frå ferjekaia på Kvanne i retning Skei. På øversida av vegen her startar Røvegen. Herifrå er vegen mot Vang skiarena skilta, og det er i underkant av tre kilometer fram dit. Ved skiarenaen parkerer du ved skilta parkering.

Kvar kan du parkere?

Ja

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 3,4
Lengde tur/retur (km) 3,4
Lengde en vei (km) 1,7
Stigning meter grader
Total stigning 85 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Spesielle forhold

Turen er skilta frå midta av desember 2017.

Hugs hodelykt på kveldstid!

Kart

Du kan laste ned turkart over området her: http://www.ilsoya.no/blog/post/88947/nytt-kart-for-sommerturer.?ispage=false. Dette kan vera kjekt på ha med seg på telefonen sin.