Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Øyrahornet fra Tjørvåg

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,6

Lengde en vei (km)

1,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt frå stien
Benken rett under toppen
På ski til Øyrahornet
Øyrahornet

Øyrahornet fra Tjørvåg

Fotograf: Arnt Flatmo

Kvifor gå denne turen?

Øyrahornet (419 moh) ligg rett over Tjørvåg og byr på ei fantastisk flott utsikt. Det er sett opp ein benk rett under toppen slik at turgåarar kan sitte godt og nyte utsikta – og kanskje noko godt i matboksen.

Stien opp frå Tjørvåg er godt merkt og lett å følgje. Nokon vil nok meine at han er litt bratt. Det er ikkje fleire merkte løyper til Øyrahornet enn denne ruta, men frå toppen kan ein følgje ryggen innover mot Slettheia og Selsteinen og returnere til Tjørvåg langs stikka løype som kjem frå Storehanen og går over Sandvikhornet. Ein kortare variant er å gå mot vest over Øyradalen og kome på ruta frå Storehanen nærare Sandvikhornet.

Øyrahornet er ikkje ein utprega skitur, spesielt ikkje frå Tjørvåg. Men dei vintrane som byr på nok snø bør freiste dei som liker å svinge seg ned bratte bakkar.

Kvar i terrenget går turen?

Heile ruta frå Øyrahaugen er merkt med stikker, som har refleks. Stien går først langs Øyraelva og ved den gamle demninga går ruta opp nordaustryggen. Her følgjer stien svaa oppover. Etter regn kan desse vere glatte så då tilrår ein å gå attmed.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Parker ved Coop i Tjørvåg. Følg hovudvegen 200 m sørover til avkøyringa mot Øyrahaugen. Eit turskilt vil kome opp her i løpet av 2016. Ta til høgre i første kryss og følg vegen 100 m opp til der traktorvegen startar. Følg den til den delar seg etter få meter. Ta så til høgre mot elva.

Kvar kan du parkere?

Coop Tjørvåg

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
God sti 0,7
Natur 0,8
Lengde tur/retur (km) 3,6
Lengde en vei (km) 1,8
Stigning meter grader
Total stigning 400 Høydemeter

Mobildekning

Mobildekning heile turen