Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Pettermyra over Gammelsetra /Svartnakken, (rundtur)

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Total lengde rundtur (km)

3,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Klauvsdalen mot Pettermyra
Veidele mot Pettermyra, like etter demninga på Gammelsetra
Frå Svartnakken mot Jendemsfjellet

Pettermyra over Gammelsetra /Svartnakken, (rundtur)

Kvifor gå denne turen?

Turen startar, som mange andre turar i Julsundet i Hola, opp den bratte Fjellvegen. Vidare til Gammelsetra og opp på Svartnakken. Komen opp på høgste punktet på Svartnakken, ta stien vidar over Svartnakken til du møter traktorvegen i Klauvsdalen. Her tek du til høgre, ned over Pettermyra, til dammen og krysset til Gammelsetra. Frå Gammelsetra og Svartnakken er det fin utsikt , på Svartnakken er det tildels gammel "skjeggvokst" furuskog. Ned over Pettermyra er det meir myr og delvis vått. Dette er ein variert og fin rundtur. Stopp gjerne opp og sjå deg i rundt, høyr fuglesongen, studer plantene som veks i området. God tur!

Kvar i terrenget går turen?

Parker ved gamleskulen i Julsundet (Fanghol) Gå ca 300 m i rettning Molde til informasjonstavla i Hola. Følg grusa sti frå informasjonstavla. Etter grinda tek du til høgre og opp Fjellvegen, På toppe av den bratte bakken ta til venstre mot Gammelsetra. Stien til Svartnakken tek til høgre nokre meter før du kjem fram på Gammelsetra. Følg stien oppover, ta pauser og nyt utsikta. Kommen opp på høgste punktet på Svartnakken, gå stien vidare framover til du møter traktorvegen i Klauvsdalen, her går du til høgre nedover Pettermyra til dammen og Gammelsetra. Rundturen er unnagjort, håper du likte den.
Turen er minst like fin i motsatt rettning.

Kulturminne

Sjå omtalen av turen til Fangholsetra. I tillegg har det både øverst i Klauvsdalen og på Pettermyra vore torvtak - spadd torv til brensel.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

I Hola, ved informasjonstavle, starten på Fjellvegen.

Kvar endar turen?

Det samme som startstad

Kvar kan du parkere?

Ved gamleskulen i Julsundet (Fanghol) Ingen parkeringsavgift

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,6
Fast grus 0,8
Løs grus 0,2
Traktorveg 0,9
God sti 0,8
Natur 0,2
Myr 0,2
Total lengde rundtur (km) 3,7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 166 15
Bratteste helning ned 166 15
Total stigning 213 Høydemeter

Offentlig transport

Atlantic Auto - Aukra Auto

Kart

Kartserie 711 Kartblad Hustad - 1220 I