Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Rjåhornet (Gurskøy) frå Djupvika

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Rjåhornet sett på veg til Haddalshornet
Rjåhornet med innteikna rute frå Djupvika
Rute vist i Google Earth
Rjåhornet i solnedgang

Rjåhornet (Gurskøy) frå Djupvika

Fotograf: Arnt Flatmo

Kvifor gå denne turen?

Rjåhornet (598m) er ein av dei høgste toppane på Gurskøya, med flott utsikt mot Sunnmørsalpane i aust og havet i vest. Dei vanlegaste rutene går frå Djupvika, Leikongeidet og Leikong (Kyrkjelydhuset). Ruta frå Djupvika er omtalt her.

På Rjåhornet har Tussa IKT ein basestasjon for tale- og fjernkontrollsamband. I tillegg til Tussa har også fleire leigetakarar samband her, m.a. kommunar og nærradio. Basestasjonen vart oppført tidleg på 70-talet. Ny hytte og mast (30 m høg) vart oppført hausten 2014.

Kvar i terrenget går turen?

Heile ruta frå Djupvika er merkt med stikker og vardar med raudmåling. Dei fyrste 0,5 km går gjennom skog på tydeleg sti. Den neste kilometeren går i lettgått terreng over skoggrensa. Denne strekninga er varda. Dei siste 1,5 km er merkt med stikker og stig jamnt frå ca. 200 moh opp til nesten 600 moh.

Ruta blir i løpet av 2015 merkt med skilt både ved startstad og i stikrysset til Huldrehornet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Langs RV61 mellom Myrvåg og Leikong er det to avkøyringar mot Djupvika. Den sørlegaste avkøyringa (nærast Leikong) er den enklaste. Køyr 0,4 km og ta til venstre opp ein blindveg der vegen svingar skarpt til høgre. Følg blindvegen 0,1 km. Stien startar ved ei steinbru. Det er parkering for to bilar her. Alternativt kan ein finne parkering langs Djupvikvegen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4
Natur 2
Lengde tur/retur (km) 6
Stigning meter grader
Total stigning 580 Høydemeter

Kart

1119-I Ålesund