Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Rjåhornet (på Gurskøya)

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

8,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot vest, høgste toppen i Herøy, Sollia, midt i bildet.
Utsikt mot nord
Siste bakken opp til toppen er tung
Utsikt mot Sunnmørsalpane

Rjåhornet (på Gurskøya)

Kvifor gå denne turen?

Rjåhornet ligg mellom Leikong og Tjørvåg og har god utsikt over fjell og fjordar i Herøy, Ulstein, Sande og mot Sunnmørsalpane. Tussa har basestasjon med ei høg radiomast på toppen. Gurskøy IL har trimpost på Rjåhornet.

Kvar i terrenget går turen?

Start på parkeringsplassen ved lysløypa på Leikongeidet. Råsa går nordvestover oppgjennom dalen, når du kjem opp på kanten snur råsa mot nordaust og fylgjer ryggen opp til ein liten topp, når du har passert den går råsa nedover og deler seg på det lavaste punktet, du tek då til høgre og fylgjer råsa til du kjem til ein fin stol oppmura av stein, då sluttar råsa, men du skal då opp på den toppen som du ser bak stolen, du kan då enten gå bratt opp sida eller gå bort på kanten og gå den opp til toppen, då ser du Rjåhornet og då går du beint mot det, du kjem då til ein dal med ei myr nedi, du må krysse denne dalen, råsa er då god å sjå på andre sida av dalen, den byrjar ved ein stor stein og går bratt opp til toppen. Rjåhornet har også tilkomst frå Tjørvåg, Djupvika og Leikong.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Fv 61 ved lysløypa på Leikongeidet.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved lysløypa

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 6,4
Natur 1,8
Lengde tur/retur (km) 8,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 250 25
Bratteste helning ned 250 25
Total stigning 800 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I og II, Sunnmorskart.no