Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Total lengde rundtur (km)

2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her startar turen
Godt merka
Flott utsikt - inn Ørstafjorden
Mot Raudøya og Lidaveten
Litt bratt ned til Rønneberghola, men gode tau å halde i
Toppvarden og Liadalsnipa

Rjåneskamben

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Rjåneskamben har ei bratt, men kort oppstiging. Du blir belønna med ei fantastisk utsikt! Turen er tilgjengeleg store delar av året, då det er eit mildt klima her.

Kvar i terrenget går turen?

Start frå parkeringsplassen og kryss E39. Stien startar bak det siste huset før svingen, på oppsida av vegen Det er godt merka, god sti og lett å finne vegen. Det går bratt oppover lia, og nokre plassar må du også bruke hendene for å kome deg opp. Men det er ikkje utsatt klyving. Returen kan du ta same veg som du kom opp, men ved stidele omlag 210 moh (N62° 15.137' E5° 58.504') kan du gå stien som går forbi Rønneberghola. Det er skilta til Rønneberghola. Det er litt dårlegare sti, men godt tilrettelagt med tau på dei brattaste stadane. Du kjem ned litt lenger ute i svingen og må gå langs E39 tilbake til start. Ver varsam, det kan vere mykje trafikk.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Dramaet i ”Rønneberghola” på Rjåneset under siste verdskrig kan du lese om på http://sogelaget.com/ronneberghola-pa-rjaneset/

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Ørsta køyrer du E39 mot Ålesund. Omlag 100 m vest for avkøyringa til Rjånes (Rjånesvegen) tek du av til ungdomssenteret. Her kan du parkere.

Kvar kan du parkere?

Bra med plass til parkering ved nedkøyringa til Rjånes ungdomssenter

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2
Total lengde rundtur (km) 2
Stigning meter grader
Total stigning 295 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom til Ålesund kvar time http://www.frammr.no

Spesielle forhold

Flott 2000 års-varde på toppen! Ved starten av turen finn du informasjonstavle og tursti som går frå Rjåneset til Sandvika. Dette er også ein fin tur.

Kart

Sunnmørsalpane