Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Rota og Slivatnet frå Almklov/Åheim

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur
Skitur
Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

6,0 t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Området ved Rota byr på flotte skiforhold med mange turalternativ.

Rota og Slivatnet frå Almklov/Åheim

Fotograf: Odd Westerås

Kvifor gå denne turen?

Ein fin tur både sommar og vinter. Mykje brukt skitur på seinvinteren. Mange brukar ruta som utgangspunkt for lengre turar til toppar eller i flott oppkøyrde løyper mot Vassdalsbu og Øverberg. Sjå link under turbeskrivelse.
Om sommaren er det fin grusveg, godt egna til både fottur og sykkeltur. På sykkel får ein fort opp pulsen i motbakkane og ein artig og fartsfylt retur ned til Almklov.
På sommarstid er det også mogleg å køyre vegen til Rota/Slivatnet.

Kvar i terrenget går turen?

Ruta startar lengst framme i Almklovdalen og går sommarstid på god grusvei. Enten ein går eller syklar kan ein følge vegen i 3 km til enden av vegen ved østenden av Slivatnet. Om ein syklar og likar litt fart på sykkelen er nedkøyringa tilbake til Almklovdalen å anbefale.

På vinterstid kan ein ta skia fatt den same vegen. Det er delvis oppkøyrte løyper med snøscooter. Ved gode snøforhold køyrer ofte Syvde IL opp god skitrasé med flotte spor helt til Heimsætra. Frå denne ruta har ein mange turalternativ, som for eksempel Dua, Blåfjellet, Røvsdalsnipa og Blæja. I østenden av Slivatnet kan ein følgje Skitraseen nordover mot Øverberg/Syvde. Denne ruta er mykje brukt frå både Åheimsida og Syvdesida og er beskrevet på Morotur:
http://mrfylke.no/Morotur/Turer/OEverberg-Rota-Rute-55-c
http://mrfylke.no/Morotur/Turer/OEverberg-Slivatnet

Kulturminne

Bøen: Ruta startar ved Bøen, eit freda gårdstun. Dette er datert frå tida 1537-1649.

Heimsætra: Om lag halvvegs til Rota, ved Heimsætra, finn ein restar etter støylsdrift.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

I krysset på Åheim, nord for elva, tek ein av mot Sunndal/Almklov. Etter 4 km kjem ein til Gusdal og krysset mot Almklov, her tek ein til venstre. Det er skilta mot Almklov. 3,5 km etter krysset kjem ein til den gamle skulen i Almklovdalen. Der fortset ein rett fram i ein liten høgresving. Etter nye 3 km er ein framme ved Parkeringsplassen. Da er det 200 m til snuplassen ved vegens ende der ruta starter.

Kvar kan du parkere?

Gratis parkering 200 m fra rutestart.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 6,0 t/r

Mobildekning

Nei

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven