Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Rotevassdalen til Rotevassetra

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Skitur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her er det ope for alle
Rotevassætra. Hytta til høgre er tilgjengeleg for alle
Fredeleg kveldstur
Starten av turen. Fjellet rett fra er Hestehornet

Rotevassdalen til Rotevassetra

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Rotevassdalen er eit flott område for skiturar. Her er det lett å ta seg fram både for små bein, spreke bein og mindre spreke bein. Det er også eit godt utgangspunkt for fjellturar til dømes til Koppefjellet eller Skarphornet. Det er mange fine plassar å stoppe viss ein ikkje vil gå heilt til Rotevassætra. På Rotevassætra er det sett opp ei Grindløde/-hytte som er opa for alle. Hugs å rydde etter deg!

Kvar i terrenget går turen?

Start frå Krøvelseidet/Helgatun ved ein parkeringsplass. Skilt til Rotevassætra og Vadsteindalen ved start Det er flatt terreng og det passar godt med turski eller langrennsski viss du ikkje skal opp på ein av toppane.
Følg spor eller trakka løype. Volda skisenter trakkar løypa med trakkemaskin når tilhøva tillet det. 

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda sentrum til Krøvelseidet er det omlag 6 km. Køyr på E39 - retning mot Stryn. I ei rundkøyring ved høgskulen køyrer du rett fram mot Vikebygda. Følg hovudvegen (Vikebygdvegen) forbi skilt til skisenter. Snart kjem du til ein parkeringsplass på høgre side av vegen. Turen startar her, så her kan du parkere.
På motsatt side av vegen startar løypa til Melshornet.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved startpunkt. Ved stor utfart, må ein kanskje parkere langs vegen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 6
Lengde tur/retur (km) 6
Stigning meter grader
Total stigning 203 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Inga rasfare

Spesielle forhold

Når snøtilhøva tillet det, vert det trakka med trakkemaskin og lagt løypespor.
Rotevassdalen kan vere utgangspunkt for lengre turar: til dømes Koppefjellet, Skarphornet og Hestehornet

Kart

Sunnmørsalpane