Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Rotsethornet-Humbersetsætra-Løypingskaret

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Total lengde rundtur (km)

10,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt frå toppen
Lett å finne stien der vegen sluttar
Ta av her mot Humbersetsætra/Høgedalen
Ta stien til høgre
Du passerer nokre gamle furuer
Du passerer her like bak toppen av Rotsethornet

Rotsethornet-Humbersetsætra-Løypingskaret

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Rotsethornet er eit landemerke i Volda. Ein er ikkje for ekte volding å rekne før ein har vore her. Utsikta er flott, klyvinga opp er spanande og det er mange alternative ruter ned att. Dette er ei ruta som ikkje er av dei vanlegaste, men absolutt å anbefale. Du må rekne ca 3 timar på denne runda

Kvar i terrenget går turen?

Ruta opp til Rotsethornet er godt merka. Start ved tunnelopninga til Rotsethorntunnelen og gå på skogsveg opp til Kalsethola. Her startar stien opp "framsida". Fyl du stien, går du trygt. Det er bratt opp gjennom lia her, men du får hjelp av kjettingar/tau og steg som er monterte i berget. På Aksla er det naturleg å stanse litt; dette er eit flott utsiktspunkt. Vidare oppover er det fortsatt litt bratt, men ikkje så bratt som det du har forsert til no. Du får belønning når du kjem på toppen i form av flott utsikt over Volda. Her oppe er det fint å ta pause før du fortsetter turen vidare bakover. Du passerer Toskegjølet. Ta gjerne ein tur ut her, men vis varsemd, det er langt ned!
Stien er tydeleg og godt merka heilt til du kjem til første stiskilje (bilde 4. Posisjon: N62 07.533 E6 06.315). Stien rett fram går ned Lisjedalen, som er den mest brukte ruta ned att. Du skal ta til høgre, skilta Høgedalen og Humbersetsætra. Gå først langs ein hammar, ta så skarpt til høgre, over ei lita myr og så austover når du har passert myra. Her er delvis merking. Følg sti vidare austover. Den skal vere grei å finne. Her er også nokre merke du kan sjå etter. Neste stiskilje er Høgedalen/Humbersetsetra (bilde 5. Posisjon: N62 07.213 E6 06.999). Her er nokre eldre skilt. Følg stien til høgre vidare til like før Humbersetsætra. Stien er litt smalare enn tidlegare, men grei å finne. Når du kjem nesten til Humbersetsætra, i eit lite skar der du må forsere ei kort, men bratt side på ruta vidare til Humbersetsætra, tek du stien som går til venstre og følger denne forbi Daletjørna, ned Løypingskaret og vidare på skogsveg ned til Rotevatnet. Du skal ikkje ta av på sidevegar. Følg vegen langs Rotevatnet tilbake til start.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr frå Volda sentrum mot Hornindal/Stryn. Like før Rotsethorntunnelen startar turen. Her er det godt med parkering og det er skilta "Rotsethornet. Kalsethola".

Kvar kan du parkere?

Godt med plass til parekring der ruta startar; like før tunnelopninga

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 10
Dårlig sti 0,2
Total lengde rundtur (km) 10,2
Stigning meter grader
Total stigning 740 Høydemeter

Offentlig transport

frammr.no Ringruta til Vikebygdvegen eller buss Volda - Stryn frammr.no

Spesielle forhold

Ta gjerne med born på tur til Rotsethornet. Dei fleste synest dette er ein spanande tur fordi dei får "klatre" ein del.

Kart

Nærturkart Volda - kan kjøpast lokalt