Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

7,2

Lengde en vei (km)

3,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Turen til Runde fyr startar i Goksøyra, råsa rundar over myrane og går opp på fjellryggen og går den til toppen og ned til fyret.
Råsa er fleire plassar hellelagde og der er trebruer for å verne terrenget.
Oppe på kanten av fjellet står den gamle vinsja som var brukt til å frakte varer etter løypestrengen med.
Det bratte partiet ned til fyret er sikra med rekkverk.
Havna på Runde fyrstasjon. Frå venstre: dagens fyr, gamlehuset, løda med fjøs, hovedhuset, kollageret, naust, smie og gamlefyret til høgre.
Runde fyrstasjon feira 250 år 2.september 2017.

Runde fyr

Kvifor gå denne turen?

Runde fyr ligg på Kvalneset på nordvestsida av fugleøya Runde. Fyret er no freda og automatisert, hovedbygninga vert no brukt som sjølvbetjeningshytte av Ålesund og Sunnmøre Turistforening. Her er 24 sengeplassar, sjølvbetjeningslager, elektrisitet med komfyr, kokeplate og vaffeljarn. Her kan du nyte fuglelivet, storebåra, ver, vind og solskin. Runde fyr er låst med DNT nøkkel. Turen til Runde fyr som overnattingstur er 3,6 km og 260 hm, dvs. grøn. Dersom du skal gå tur/retur vert turen 7,2 km og 520 hm, dvs. blå.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen i Goksøyra går du Goksøyrvegen ca 600 m og går til venstre opp ein bratt bakke. Bakken er asfaltert til du kjem opp på flata (ca 300 m) Råsa går då nordover myrane og rundar opp på fjellryggen og går den vestover til du har passert toppen. Råsa går då mot nordvest nedover myrane og ned bratta til fyret. Det brattaste partiet ned til fyret er sikra med stålrekkverk, der er også laga trebruer over myrane og der er laga steintrapper på dei vanskelegaste partia.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Runde fyr er rekna som det femte fyret i landet. Fyret vart oppretta i 1767 av P.F. Koren som var byfogd i Kristiansund. Det første fyret var ei fyrgryte oppe på fjellet der dei brende kol og torv. Staten tok over drifta i 1807. I 1826 vart det sett opp eit 7 m høgt kolblussfyr der det noverande fyret står. I 1858 vart det bygt eit 27 m høgt støypejarnstårn nede på Kvalen. I 1910 vart det montert ei større lykt på støypejarnstårnet. I 1935 vart det gamle kolblussfyret sprengt vekk og det no eksisterande betongfyret vart sett opp. Lykta frå støypejarnstårnet på Kvalen vart flytta over til betongtårnet og fyrlyset vart elektrisk. Den øverste delen av støypejarnstårnet vart flytta og eksisterer idag som Sklinna fyr. Den nederste delen er bevart som dagmerke. Nedanfor dagens fyr står hovedhuset, gamlehuset, løde med fjøs, smie og naust. Runde fyrstasjon er freda frå 2001 og vart automatisert i 2002. (kjelde: Sunnmøre Museum)

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå fv 654 til Fosnavåg tek du av på fv 18 på Buholmen skilta mot Runde og køyrer ca 14 km til du kjem til Goksøyra, parker på stor parkeringsplass på høgre side av vegen med same du er komen igjennom Goksøyrtunnellen, dette er einaste parkeringsmoglegheita, så du må gå Goksøyrvegen dei 600 meterane til der råsa startar.

Kvar kan du parkere?

Stor parkeringsplass med sanitæranlegg i Goksøyra.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,8
God sti 5,4
Lengde tur/retur (km) 7,2
Lengde en vei (km) 3,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 45
Bratteste helning ned 50 45
Total stigning 520 Høydemeter

Offentlig transport

frammr.no

Spesielle forhold

Turen går i eit område som er både fuglefredingsområde og naturreservat med begrensa ferdsel. Les informasjonstavler, gå berre råsene og følg skilting.

Du finner flere aktuelle lenker for turen her:
http://www.kystreise.no/detaljer/5257/Runde-fyr/
http://www.kystreise.no/detaljer/4412/Runde-fyr/

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 IV, norgeskart.no