Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Skitur

Gradering

XXXX Svart

Lengde tur/retur (km)

11 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Sandfjelltua i sikte langt igjen å gå
Utsikt mot Lisjeblæja
Skileik i Sandfjelltuesida
Malin på toppen av Sandfjelltua

Sandfjelltua

Kvifor gå denne turen?

Sandfjelltua er ein av 1000m toppane i Vanylven. Her er god utsikt til Blæja, som er den høgste, og til dei andre fjella i Vanylven. Du ser også mykje av fjella i Volda og fjella i Nordfjord. Sida frå Sandfjelltua og ned til Sandfjelldalen byr på ei av dei finaste nedfartene i Vanylven, ca 350 høgdemeter med ei helling på 20 til 30 grader. Syvde IL har trimpost på toppen.

Kvar i terrenget går turen?

Turen til Sandfjelltua startar fremst i Nordalen. Følg fjellvegen ca 3,3 km framover mot Kvanndalsvatnet, ca 500m før vatnet tek du til høgre opp sida mot Skoravatnet, når du kjem oppå kanten før Skoravatnet ser du Sandfjelltua midt imot. Du kan gå både på sørsida eller på nordsida av Skoravatnet og gå over neste rygg der den er lavast, då er det berre å krysse Sandfjelldalen og gi seg i kast med dei siste 350 høgdemeterane opp til toppen. Det kan vere ein fordel å kome opp der det er lavast mellom Sandfjellegga og Sandfjelltua og gå ryggen dei siste meterane til toppen. Etter kvart som det vårast går det å køyre lenger og lenger opp fjellvegen, og skituren vert tilsvarande kortare.Seint på våren kan det også vere vanskeleg å krysse elva i Sandfjelldalen, det kan då vere ein fordel å gå fram til Myrkevatnet og krysse elva der. Sida opp til Sandfjelltua er ganske bratt, så dei fleste velger å gå i sikksakk oppover. Der er også moglegheit å gå nordover Sandfjelldalen og kome opp mellom Nyklen og Sandfjellegga og gå egga derifrå og bort på Sandfjelltua. Dette er ein del lenger men ikkje på langt nær så bratt som å gå rett opp sida.

Kulturminne

Der har vore Sætredrift på Nordalssætra ved Sætrevatnet, for meir info sjå boka 70 sætreturar på Sunnmøre

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr fv 652 til Syvde, ta av til Nordal på nordaustsida av Syvde sentrum, køyr så langt fram i Nordalen som det går.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass fremst i Nordalen, eventuelt parkeringsplassar ved fjellvegen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 11
Lengde tur/retur (km) 11 km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 300 28
Bratteste helning ned 300 28
Total stigning 1100 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

På tur i Vanylven, M711 1119 II, Sunnmorskart.no